Volda og Ørsta Kunstlag er i gang med eit nytt år med utstillingar og annan aktivitet i Kunsthuset i Ørsta. Den første utstillinga opnar fredag 6. februar, og det er Roger Wagland som stiller ut maleri, digitrykk og skulptur. Wagland arbeider med ulike kunstuttrykk som bildekunst, musikk, skulptur, installasjon, foto, video/film. Han har kunstutdanning frå…
Elisabeth Werp – Salsutstilling 21. november – 13. desember 2025
Elisabeth Werp skal stille ut maleri og grafikk i Kunsthuset i Ørsta – frå 21. november til 13. desember 2025. Elisabeth Werp har utvikla ein eigen stil som er lett å kjenne att. Ho kombinerer tekniske grep og symbolbruk på ein måte som gjer at uttrykket verkar samanhengande og organisk. Motiva hennar er symbolske og…
«Bortkasta tid» – Utstilling 6.-15. november 2025
I høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, medan alternative visningsarenaer, ikkje gir same utteljing. Institutt for design, kunst og handverk (DKH) ved Høgskulen i Volda har derfor valt å prioritere utøvande og skapande arbeid det siste året. Målet har vore å utvikle den praktiske kompetansen til undervisarane. Dei tilsette ved instituttet…
Utstilling 3. – 25. oktober 2025, «Spikk, trykk, tredd tråd – og den arva vegen»
Fredag 3. oktober 2025 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Denne gongen er det Gerd Endestad, frå Bryggja og Karen-Merete Bruland, frå Kjølsdalen som stiller ut. Utstillingsprosjektet deira har kome til gjennom samtalar dei har hatt om det dei kvar for seg arbeider med. Samtalane har gitt inspirasjon til deira konkrete, individuelle kunstnarlege…
Sal av kunst, 18. – 20. september 2025
Torsdag, fredag og laurdag, 18. -20. september, vert det sal av kunst i regi av Volda og Ørsta Kunstlag. Kunstlaget sel eigen kunst og kunst i kommisjonssal. Siste åra har Volda og Ørsta kunstlag valt å selje noko av kunsten som laget eig. Det gjer kunstlaget for å dekkje kostnader og vedlikehald av Kunsthuset i…
Popup-utstilling – Håkon Bleken mfl. 21.-24. august 2025
Torsdag 21. august opnar gallerist og Håkon Bleken-kjennar, Svein Erik Bakken, popup-utstilling på Kunsthuset i Ørsta. I tillegg til Bleken-grafikk, inneheld utstillinga små vakre skulpturar i bronse av Kirsten Kokkin, og skråblikkbilde av kunstnaren, Mali Anette Hoel Håkon Bleken er ein av dei aller fremste norske samtidskunstnarane. Kanskje den største. Gjennom nesten heile etterkrigstida har…
Sommarutstilling 2025
Volda og Ørsta kunstlag held tradisjonen med sommarutstilling ved like. Denne sommaren er det kunstverk av Antje Meier, Sonja Reite og Astri Eidseth Rygh vi får sjå i Kunsthuset i Ørsta, i perioden 11. juli til og med 16. august. Antje Meier er fødd og oppvaksen i Tyskland, og bur i Volda. Antje er lidenskapleg…
Festspelutstilling med Gunilla Holm Platou
Velkomen til opning av årets festspelutstilling. Årets festspelkunstnar for 2025 er Gunilla Holm Platou. Utstillinga opnar torsdag 12. juni på Kunsthuset. Kunstnaren vil vere til stades under opninga. Motivkrinsen i Gunilla Holm Platou sine bilete er ofte dyr og skapningar av ulike slag. Bileta er leikne, men ber òg ofte i seg eit viktig tema:…
Sylvi Aambø – Livsreise i fargar og energi
2. – 31.mai 2025 Kunsthuset i Ørsta Opningstider: fredag 2.mai – 18.00-20.00 Deretter torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00. Malar og grafiker Sylvi Aambø frå Ørsta, viser bilete som byr på eit frodig univers av figurar, dels utforma som grafikk, dels i papircollage og pastell, dels i maleri. I billedspråket er det humor, muntre…
Tause stemmer
Kollektivutstilling «Tause stemmer» med Marjan Dijkstra, Elisabeth Hatlehol Sairosi og Lillian Karin Bjørdal, kan du sjå og oppleve på kunsthuset i Ørsta frå 21. mars til 12.april 2025. Opningstider: Fredag 21.mars – 18-20, deretter torsdag, fredag, laurdag – 12 – 16. Kunstnarane arbeider med ulike tilnærmingar til temaet, men sjølv om dei fordjupar seg i…
Perspektiv – elevutstilling KDA Volda vgs
Kunst, design og arkitekturlinja (KDA) ved Volda vgs, viser utstillinga «Perspektiv» på Kunsthuset i Ørsta, 8. – 15.mars 2025. Dette er tredje året elevane viser fram det dei har jobba med gjennom tre år på skulen. OPNINGSTIDERLaurdag 08. mars kl 13.00 -16.00 Opning med musikalsk innslag og forfriskningar. Tysdag 11. mars til og med laurdag…
Minneutstilling Helge Krøvel-Velle
22.02. – 01.03.2025 22. februar-1. mars er det minneutstilling for Helge Jarle Krøvel-Velle (1945-1975). Han var grafikar og kunstnar frå Ørsta, med base i Bergen, på starten av 70-talet. Dei grafiske arbeida hans har tema som var dagsaktuelle då, og som også i stor grad er aktuelle i 2025. Mykje av tematikken i bilda er…
Kunstglede for alle sansar
Fredag 14.februar kl. 19.00, arrangerer Volda og Ørsta kunstlag ein triveleg kveld på kunsthuset i Ørsta, Jertrud Eikås har utstilling på kunsthuset no, og ho er til stades denne kvelden og fortel om arbeidet og bileta ho stiller ho ut. Kyrre Grimstad og Børre Lødemel vil underhalde med song og musikk, og det blir småbord,…
Boksamtale om Edvard Munch
Forfattar Ivo De Figueiredo kjem til Kunsthuset i Ørsta fredag 31.01.25 kl. 18.00. Edvard Munch er ein av modernismen sine viktigaste kunstnarar. Ivo De Figueiredo har skrive biografien «Stormen», utgitt i 2024. Forfattaren er ein av våre mest kjende sakprosaforfattarar, med eit forfattarskap med vidt spenn. Munch sitt liv var både rikt, kaotisk og med…
Jertrud Eikås – «In progress». 24.01.-15.02.25
Maleri og grafikk. Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 24.januar – 15.februar 2025. Fyrstikkpikene er tilbake i Ørsta! Opning fredag 24.januar – frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne! «In progress» er tittelen på Jertrud Eikås si utstilling på Kunsthuset i Ørsta. Eikås er fødd og oppvaksen i Nordfjord, men flytta…
Terje Fagermo – «Dagbok»
Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 22.november – 7.desember 2024 Opning fredag 22.11.24 – frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne! Fotograf: Anne Marthe Berge«Dagbok» er tittelen på Fagermo si utstilling i Ørsta. Her viser kunstnaren nye maleri produsert dei to siste åra, spesielt for utstillinga på Kunsthuset i Ørsta, som…
Kjell Idar Saure – maleri
Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 18.10 – 9.11.2024 Opning fredag 18.10. Frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne!
Festspelutstilling
Dei nynorske festspela på Kunsthuset i Ørsta Damien Ajavon (damienajavon.com) er festspelkunstnar i 2024. Hen er fransk-amerikansk og stiller ut tekstilkunst. Ajavon fekk norske kunstforeningers debutantpris i 2023, og det er ei ære for Volda og Ørsta Kunstlag å få vise denne særskilde kunsten, og kunstnaren, til publikum her på Sunnmøre. Opningstider under dei nynorske…
Astri Eidseth Rygh – salsutstilling
Vi ynskjer multikunstnaren Astri Eidseth Rygh hjarteleg velkomen til Kunsthuset i Ørsta, der verka hennar, både grafikk og måleri, vil bli presenterte for publikum i perioden frå fredag 3. til laurdag 25. mai. Opninga blir fredag ettermiddag, kl 18, med kunstnaren til stades og musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising…
Jan Baker, grafikk
Fredag 5.april kl 18.00 – 20.00 opnar Volda og Ørsta kunstlag utstilling med den kjende malaren, grafikaren og materialkunstnaren Jan Baker Utstillinga varer frå 5.april til 27.april, og har følgjande opningstider: Baker er fødd i 1939 i Stange, og er framleis ein aktiv og særs spesiell kunstnar. I samband med 85-årsjubileet, arrangerer han fleire store…
Påskeutstilling på Kunsthuset i Ørsta
5 lokale kunstnarar viser fram kunsten sin på Kunsthuset i Ørsta frå onsdag 20.mars til onsdag 27.mars. Utstillingsopning: onsdag 20.mars kl. 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag 14.00- 18,.00, fredag, laurdag, mandag, tysdag 12.00 – 16.00, onsdag 12.00 – 14.00 Eivind Krøvel Farstad, teikning Bente Ørsal, maleri Bente nerbøvik, maleri Synneve Busengdal, maleri Aase-Elise Castberg, maleri
Blikkfang
Vårshow med kunst, design og arkitektur (KDA) ved Volda vidaregåande skule. Fjorårets show vart ein suksess. KDA gjentek arrangementet med nye arbeid, og opnar dørene til den andre store utstillinga laurdag 9.mars 2024 kl. 13. Utstillinga vil vise størsteparten av det elevane ved programfager Kunst, design og akritektur ved Volda vgs arbeider med gjennom tre…
Astrid Runde Saxegaard
Avantgarde portretter Utstilling på Kunsthuset i Ørsta, 17.november til 8.desember 2023. Kunstnaren jobbar i hovudsak med tekstil, i det utvida begrepet av tekstilkunst i samtidskunsten. Prosjektet som blir vist i Ørsta, skal utforske den kunstneriske tradisjonen med portrett, ved å vise ulike faser i eit liv, identitet og livssituasjonar. Astrid Runde Saxegaard er fødd i…
Strømme-Straumefamilien. Kunstnarar gjennom generasjonar.
Opning fredag 26.januar kl 18 ved Anne Ellingsen og Kåre Gjengedal. Fri inngang. Hjarteleg velkomne!
Robert Steinnes og Guro Konstanse Frønsdal
Fredag 13.oktober opnar Robert Steinnes ny utstilling på Kunsthuset i Ørsta, med måleri og digitalt utarbeidde grafiske bilete. Utstillinga er i samarbeid med Guro Konstanse Frønsdal, som arbeider med skulpturar og innstallasjonar. Robert har saman med Guro arbeidd med eit prosjekt som handlar om utanforskap og det å høyre til. Guro studerer Kunst, design og…
Ragnhild Søvik på Kunsthuset i Ørsta
Ragnhild Søvik arbeider med maleri og grafikk, og på kunsthuset i Ørsta stiller ho ut grafiske verk. I dei grafiske arbeida kombinerer ho elektroniske verktøy og taktile handbaserte metoder. Arbeida blir trykte digitalt på papir frå Hahnemuhle. Trykka kjem i lave opplag (8) der kvart blad er individuelt bearbeidd og unikt. Søvik bur og arbeider…
Popup-utstilling på Kunsthuset i Ørsta
Fredag 26. og laurdag 27.mai 2023 Fredag 26. mai opnar Volda og Ørsta kunstlag salsutstilling med maleri og grafikk av mange regionalt og nasjonalt kjende biletkunstnarar. O Verka er ei gåve til kunstlaget frå Sparebank1 Søre Sunnmøre, og tanken er at midlane som kjem inn ved sal av kunsten, skal kunne brukast til renovering og…
Anne Kristin Hagesæther – maleri og grafikk
Kunsthuset i Ørsta, laurdag 22. april – laurdag 13.mai 2023 Biletkunstnar Anne Kristin Hagesæther opnar utstilling med maleri og litografi i Volda og Ørsta kunstlag laurdag 22. april kl. 13.00. Anne Kristin Hagesæther sine bilete speglar den sterke tilknytninga ho har til den norske naturen, og lar oss sjå den med nye auge. Ho kombinerer…
«Opp og fram» vårshow med kunst, design og arkitektur-linja (KDA) ved Volda vgs.
Kunsthuset i Ørsta – 11.mars – 16.mars 2023 Opning laurdag 11.mars kl. 13.00. Elevar og lærarar deltek. Opningstider: Mandag, tysdag, onsdag, torsdag – 12 .00 – 16.00 eller etter avtale. Volda og Ørsta kunstlag har inngått samarbeid med KDA om utstilling med elevarbeid ein gong årleg, på Kunsthuset i Ørsta. Vi ser fram til eit…
Åshild Hansejordet – akvarell/teikning Mathis Nango – maleri
Kunsthuset i Ørsta, 17.februar – 4.mars. Opning fredag 17.februar kl. 18.00 – 20.00 Ope kvar torsdag, fredag og laurdag 12.00 – 16.00. Mathis Nango og Åshild Hansejordet har kollektivutstilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga er kalle «To», og opnar fredag 17.februar kl. 18. Uttrykka til desse to kunstnarane er svært ulike. Medan Nango skildrar landskap…
Roy Andreas Dahl
Kunsthuset i Ørsta – 13.januar til 4.februar 2023 Maleri Opning fredag 13.januar kl. 18.00 – 20.00 . Kunstnaren er til stade under opninga. Roy Andreas Dahl er ein av Nordvestlandet sine mest kjende og anerkjende biletkunstnarar. Han er fødd i Langevåg i Sula, der han også bur og arbeider. Fylket sin særeigne natur med høge…
Skapar-showcase
Kunsthuset i Ørsta – 20.-22.oktober 2022 Utstilling og framvisning av og for ungdom 15-21 år Opning torsdag 20.oktober kl. 18.00 Av og for ungdom mellom 15 og 21 år. Ulike kunstneriske former blir viste.Vil du vere med? Kontakt oss på vokunstlag@gmail.com.Ope torsdag 18-21Fredag – 17 -20Laurdag – 12 – 16 Torsdag 20.oktober opnar kunsthuset i…
Gunnhild Torgersen
Kunsthuset i Ørsta – 4. – 26. november 2022 Skulpturar og installasjonar Opning fredag 4.november 2022 kl 18-22. Kunstnaren er til stade under opninga. Gunnhild Torgersen (1986) er fødd og oppvaksen i Ørsta, og vi gler oss til å kunne visenoko av kunsten hennar på kunsthuset i Ørsta. Gunnhild Torgersen sitt kunstnarskap er forankra i…
Sommarutstilling 2022
Anne Marit Varpen og Liv Strand Hareide – måleri «I eit landskap – i ei gåte». Kunsthuset i Ørsta – opning laurdag 9.juli kl. 13.00 Laurdag 9.juli – laurdag 13.august 2022 Opningstider: Juli: Onsdag, torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00 August: Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00 Fri entre Maleri – Liv Strand…
Yngvild Fagerheim – Olav Starheim
Keramikk og maleri Festspelutstilling på Kunsthuset i Ørsta Torsdag 9.juni – laurdag 2.juli 2022 Opningstider: Under festspela: Torsdag 16.30-19.00 Fredag 12.00 – 16.00 Laurdag 12.00 – 16.00 Søndag 12.00 – 14.00 Opningstider vidare: Kvar torsdag, fredag og laurdag – 12.00 – 16.00.
Reidar Lødemel – minneutstilling og boklansering
Eit liv i fargar Fredag 6.mai – laurdag 28.mai. Opning fredag 6.mai kl. 18.00. Program: Skjalg Longva – om kunstnaren og kvifor han fortener ei bok Stina Aasen Lødemel – Kunstnaren Reidar Lødemel Musikk v/Jorunn Marie KVernberg Formell opning av utstilling v/Marit Lødemel Opningstider – Torsdag, fredag, laurdag – 12 .00 – 16.00 17.mai ope…
Ari Behn – salsutstilling
På Kunsthuset i Ørsta – fredag 29. april, laurdag 30.april og søndag 1.mai arrangerer Volda og Ørsta kunstlag, i samarbeid med Galleri Art Design, salsutstilling av Ari Behn sin kunst. Søskena til Ari Behn, Espen Bjørshol og Anja Sabrina Bjørshol, vil vere til stades på utstillinga. Ope kvar dag frå 12 – 16. Vi ynskjer…
Elling Reitan – maleri, grafikk, akvarell
Kunsthuset i Ørsta – fredag 4.mars – laurdag 26.mars 2022. Ope torsdag, fredag og laurdag 12.00 – 16.00. Opning fredag 4.mars kl. 18.00. Reitan som bur og arbeider i Trondheim, var i perioden 1982-87 elev hos Odd Nerdrum, og han er inspirert av mellom andre den kjende kunstnaren Jens Johannesen.Reitan har utdanning innan litteratur og…
Rune Furelid
Fredag 28.januar – 26.fabruar 2022. Opning fredag 28.01.22 kl. 18.00. Kunstnaren er elev av Odd Nerdrum og miksar moderne samtidskunst med klassiske teknikkar. På kunsthuset i Ørsta stiller Furelid ut maleri.
Kristian Finborud – etsing
«Den kalde, fine tida«… 12.november – 4.desember 2021 Opning fredag 12. november kl. 17.30. (Ope til kl. 20.00). Musikalsk innslag v/Mari Ella Grytten Skarstein, Ørsta kulturskule. Opningstider: Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00. Gratis inngang. Utstillinga på kunsthuset i Ørsta, består av 45 etsingar. Kristian Finborud har eigen verkstad på Voss. I denne utstillinga…
Mine tankars hus – hattefest med modist Nina Hjertvik
15.oktober – 6.november 2021 Opning fredag 15.oktober kl. 18.00. Opningstider til og med laurdag : Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00. Gratis inngang. Volda og Ørsta Kunstlag og modist Nina Hjertvik inviterer til hattefest! Kunsthuset i Ørsta vil då vere omskapt til ein innbydande og fargerik hattebutikk, eller eit atelier med 80 handlaga hattar;…
Frank Brunner – grafikk/etsing
11.september til 2.oktober 2021. Opning laurdag 11.september kl. 13.00. (Ope til kl. 16.00). Musikalsk innslag v/Torstein Knardal, Volda kulturskule. Opningstider: Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00. Gratis inngang. Kunstlaget rettar seg etter FHI og Ørsta kommune sine til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar. Frank Brunner (f.1971) er ein veletablert kunstnar. Han har stilt ut…
Planet Ørsta på kunsthuset!
Får vi endeleg vite kven som står bak «fenomenet» Planet Ørsta? Fredag 3.september opnar Volda og Ørsta kunstlag dørene for Planet Ørsta, og for ungdom i alle aldrar som har late seg bergta av dette spesielle universet. Egil Olsen underheld med sang og musikk under opninga. Utstillinga med originalteikningar, høgkvalitets trykk i fargar, installasjonar og…
