Medlemskap

Alle medlemmane våre er viktige støttespelarar for kunstlaget. Å ha ei støttande og fast medlemsmasse er heilt nødvendig for å kunne vere eit dynamisk og levande kunstlag.

Ønskjer du å bli medlem?

Trykk på lenka nedanfor og oppgi kva type medlemsskap du ynskjer, kontaktperson, adresse, epostadresse og telefon slik at vi kan invitere deg/dykk til utstillingar og andre tilstelningar

faktura@kunstlaget.no

eller fyll inn skjema nederst på sida.

Medlemsfordelar

  • Alle medlemmar er med i trekninga av eit kunstverk på kvart årsmøte.
  • Foredrag og kulturkveldar med medlemsprisar.
  • Du gir verdfull støtte til eit aktivt og levande kunstlag, som gir gode kulturtilbod, med fri inngang på alle utstillingar
  • 5% rabatt på alt kunstsal frå ustillingar på Kunsthuset
Kontingent

Vi har i dag tre ulike medlemstypar:

  • Enkeltmedlem kr 300,-
  • Familie kr 500,-
  • Bedrift kr 1000,-
Bedriftmedlemsskap

Bedrifter som teiknar medlemsskap, får følgjande fordelar:

  • Det kan bestillast besøk utanom opningstid, feks. ved sosiale samankomstar eller forretningsbesøk.
  • Som bedrift kan ein nytte rabatten til kjøp av unike gåver til tilsette og samarbeidspartar.

Type medlemskap(påkrevet)

Legg igjen en kommentar