Om kunsthuset

Volda og Ørsta Kunstlag driv Kunsthuset som ligg i Webjørn Svendsens gate i Ørsta sentrum. Drifta av Kunsthuset er basert på frivillig arbeidskraft, men er likevel eit profesjonelt og aktivt galleri med fleire utstillingar og arrangement årleg. Kunsthuset har to utstillingslokale . I 1. etasje er det utstillingslokale til skiftande utstillingar, med fleire utstillingar årleg. I 2. etasje  heng ei stor samling måleri av modernisten Olav Strømme.

VI LEIGER UT LOKALE

Lokalet i 2.etasje vart oppgradert våren 2019. Vi leiger ut til mindre arrangement, som til dømes intimkonsertar, møte, korøvingar og vigsler.  Salen har kapasitet til om lag 40 personar og er utstyrt med varmepumpe, videokanon og WiFi/Fiber. Ta kontakt med leiar@kunstlaget.no for utleigeprisar.

OPNINGSTIDER KUNSTHUSET

Opningstider ved utstillingar er torsdag, fredag og laurdag frå 12.00 – 16.00. Elles etter avtale.

Du kan lese meir om det historiske bygget her.

PLANTEIKNING KUNSTHUSET

kunsthuset plantegning

Legg igjen en kommentar