Olav Strømme

Olav Strømme

I november 2009 var det stor jubileumsutstilling i Kunsthuset med Olav Strømme. Då var det hundre år sidan Olav Strømme vart fødd.

Olav Strømme- samling permanent i Kunsthuset

Kunsthuset har i andre høgda ei samling med bilete av Olav Strømme. Her kan ein sjå verk frå ulike tider av hans produksjon.

Olav Strømme - Sildefiske
Sildefiske

Strømme har ein posisjon i norsk kunsthistorie som er solid, og bilda hans fortena å få plass i gode og permanente lokale, der kunstinteresserte har enkel tilgang til verka hans. Med opninga av Kunsthuset i 2007 fekk Strømme- samlinga Ørsta kunstlag disponerar ein fast og god tilhaldsstad. I andre høgda i Kunsthuset heng det permanent ei større samling med verk av Olav Strømme. Ørsta kunstlag jobbar også med å komplimentere samlinga.

Ein pioner

Olav Strømme blei fødd i Ørsta i 1909, og høyrer til under kunststrøymingar i mellom – og etterkrigstida, sjølv om hans kunstnarskap nettopp bær preg av å gå på kryss av dei ulike strøymingane som har vore. Strømme var innom fleire ulike uttrykk, og mellomkrigstidas avantgarde – strøymingar dadaisme, surrealisme og kubisme, var alle felt Strømme uttrykte seg gjennom. Samstundes rørte han seg som sagt også utanom tidas uttrykk. Grunnen til at ein kan seie det, er at det i mellomkrigstida var ei tid med veldige spenningar i kunstmiljøa, der ulike retningar knivde om å vere førande. For å oppnå større påverknadskraft for kunstutviklinga – og miljøa, prøvde dei å besette flest muleg stillingar innan kunstinstitusjonar i Noreg. Slik kunne dei legge føringar, påverke – men også inkludere og ekskludere kunstnarar alt etter om dei stod for dei riktige måla i kunsten. Og Strømme var ein som gjekk sine eigne vegar, var innom ulike uttrykk og fann inspirasjon frå ulike kjelder. Derfor vart han også sedd på som ein som gjekk utanom førande kunstretningar. Ut frå dagens perspektiv er det derfor lett å seie at han ikkje fekk den merksemda han fortjente i si tid, for i dag vil vi kalle slike vegar å gå for originalitet og pionerarbeid. Likevel må det seiast at han var ein kjent person i kunstmiljøa på si tid

Kjente hovudverk er Byen og Sommerfugl over en by. I tillegg er det mange kunstverk med motiv henta frå fiskefeltet, med titlar som Sildefiske.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s