
Volda og Ørsta kunstlag er ein frivillig organisasjon, utan faste tilsette. Vi har eige lokale i Webjørn Svendsensgate i Ørsta sentrum (Kunsthuset), der det er rom for ambulerande utstillingar, i tillegg til Olav Strømme-galleriet i 2.etasje.
Laget si oppgåve er å fremje kunst, design og kultur på Sunnmøre. Dessutan skal laget arbeide for å gi bygdene det beste av all god kunst ved stadig å vere kritisk nyorienterande innanfor kunstretningar. Kulturaktivitetane og formidlinga skal vere vidt definerte og inkludere lokale kunstnarar og kunsthandverkarar, så vel som regionale, nasjonale og internasjonale kunstnarar.
Alle som ynskjer å støtte arbeidet vårt kan vere medlem. Medlemskap vert oppnådd ved å betale kontingenten, fastsett av årsmøtet (kr.300 i 2021). Betalt kontingent gir rett til å vere med i det årlege kunstlotteriet som laget held i samband med årsmøtet, og det gir rett til rabatt på kunstkjøp frå utstillingar på Kunsthuset..
Volda kusntlag og Ørsta kunstlag slo seg saman til eitt kunstlag – Volda og Ørsta kunstlag – i januar 2013.
Les meir om oppstarten av kunstlaga i Volda og Ørsta i høvesvis 1937 og 1941.