15.oktober – 6.november 2021
Opning fredag 15.oktober kl. 18.00.
Opningstider til og med laurdag : Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00.
Gratis inngang.
Volda og Ørsta Kunstlag og modist Nina Hjertvik inviterer til hattefest!
Kunsthuset i Ørsta vil då vere omskapt til ein innbydande og fargerik hattebutikk, eller eit atelier med 80 handlaga hattar; kvardagshattar og hattar til fest og moro, som blikkfang. Det blir småbord, levande lys og smektande bakgrunnsmusikk under opninga.
Nina Hjertvik som er inspirert av hattemoten på 1920-30-talet, brukar dette som utgangspunkt når ho kreerer hattar tilpassa dagens trendar. På opninga ho vil dele kunnskapen sin om modist-yrket og hattemoten i fortid og notid, og det blir demonstrasjon av hattar og høve til å prøve dei og kanskje la seg friste til kjøp. I tillegg til hattane stiller Nina ut maleri.
Nina Hjertvik er oppvaksen i Ørsta, men budde i mange år i Oslo før ho vende attende til heimbygda. Inspirasjon til å prøve seg på hattemakarkunsten, fekk ho då ho på ei vandring gjennom hovedstaden kom over ei gammal bok om korleis ein lagar hattar. Etter kvart kom ho i kontakt med modisten May Aubert som har kreert hattar for mellom andre Sonja Henie, Zarah Leander og Wenche Foss. Aubert hadde tru på at Nina kunne bli ein god hattemakar, og Nina fekk gå i lære hos henne. Seinare tok Nina fleire kurs der ho lærte ulike teknikkar og materialbruk. Nina Hjertvik vart etter kvart så dyktig at ho delvis livnærte som modist, og leverte både til private og butikkar.
For kunstlaget er det ei stor glede å kunne opne dørene til Kunsthuset igjen utan å måtte ta omsyn til smittevernreglar. Vi håpar på fullt hus fredag kveld og trur at mange vil stikke innom i løpet av utstillingsperioden fram til 6. november. For fleire opplysningar blir det vist til annonser i lokalavisene.