Eva Harr – Landskap i en annen tid

09.november – 07.desember 2019 L Opning laurdag 09.november 2019 kl. 14.00 – Kunsthuset i Ørsta Opningstider: torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00. Fredag 15.november: Ope til kl. 19.00. Eva Harr er fødd i Harstad i 1951, men bur og arbeider i Oslo. Den kunstfaglege utdanninga har ho frå Statens Håndtverk- og Kunstindustriskole i 1972-1977…

Robert Steinnes «Portrett». Separatutstilling.

11.oktober – 02.november 2019 Multikunstnaren Robert Steinnes stiller ut portrett. Fredag 11. oktober opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny utstilling på Kunsthuset, og denne gongen har vi gleda av å presentere multikunstnaren Robert Steinnes og den store portrettsamlinga hans. Portretta er kolteikningar, og alle er i same format, 40×40 cm.  Ingen av bilda har tittel….

Kjell Bendiksen – «Glenne» – 07.september – 05.oktober 2019

  «Glenne» er tittelen på Kjell Bendiksen si utstilling på Kunsthuset i september. Kjell Bendiksen er grafiker, og kan bruke dei fleste grafiske teknikkane. Det er likevel særleg innan ulike djuptrykkteknikkar han har utvikla sitt eige biletuttrykk.  Sjølve trykkeprosessen er svært arbeids- og tidkrevjande, og opplaga små. Kjell Bendiksen har delteke ved fleire internasjonale grafikkbiennalar…

Olav Strømme-galleriet

Olav Strømme-galleriet i andre etasje på Kunsthuset er ope torsdag, fredag og laurdag frå 12.00 til 16.00, eller etter avtale. Utstillinga som vi viser no, inneheld eit rikhaldig utval av verk,  eigde av kunstlaget, frå ulike epokar i Olav Strømme si kunstnarkarriere. Meir informasjon om Olav Strømme finn du her.

Sommarutstilling 2019

13.juli – 17.august 2019 Utstillarar: Anne Lise Aarseth, keramikk Caroline Bentzen, maleri Åsmund Orten, foto Tordis Øvrelid Myhre,  maleri Kristin Helena Habostad, maleriSalsutstilling – fri inngang – ope onsdag, torsdag, fredag, laurdag frå 12.00 til 16.00.Vi ynskjer alle velkomne til ei fin sommarutstilling på Kunsthuset i Ørsta!

Olav Strømme – opning av nytt galleri 13.06.2019

Torsdag 13.juni 2019 opnar det nye Olav Strømme-galleriet på Kunsthuset.  Det nye galleriet er meint å vere ein hyllest til kunstnaren, for hans rolle som banebrytande modernist og inspirasjonskjelde for kunstnarar og publikum. Galleriet er eit resultat av eit langsiktig og målretta arbeid i regi av Volda og Ørsta Kunstlag, ved tidlegare og noverande styre….

Bjørg Thorhallsdottir – separatutstilling 13.juni – 06.juli 2019

«Livet» er tittelen på Bjørg Thorhallsdottir si utstilling på Kunsthuset, der ho viser grafikk og akvarellar. «Livet» Bjørg Thorhallsdottir er fødd i Isafjordur på Island i 1974. Familien flytta til Noreg, og ho vaks opp i Lommedalen i Bærum og i Søraust-Asia. Björg har ti år med kunstutdanning innan grafikk, maleri, installasjonar og aktteikningar frå…