11.september til 2.oktober 2021.
Opning laurdag 11.september kl. 13.00. (Ope til kl. 16.00). Musikalsk innslag v/Torstein Knardal, Volda kulturskule.
Opningstider: Torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00.
Gratis inngang.
Kunstlaget rettar seg etter FHI og Ørsta kommune sine til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar.
Frank Brunner (f.1971) er ein veletablert kunstnar. Han har stilt ut både nasjonalt og internasjonalt. I Noreg har han hatt utstillingar på Stenersenmuseet, Henie Onstad Kunstsenter og Galleri Haaken. Han har også hatt ei rekke utstillingar i utlandet; mellom andre på Cynthia Broan Gallery i New York, Galleri Zidoun i Paris, og A and A Gallery i New Haven, USA.
Utstillinga på kunsthuset i Ørsta, består av 30 grafiske verk.

Frank Brunner er både grafikar og malar. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven, USA. Som grafikar arbeider Frank Brunner med litografi og etsing. Motivbruken hans kretsar rundt menneske og dyr i både urbane og naturliknande settingar. Han fokuserer på kjensleliv og stemningar i arbeida sine, og er kjend for emosjonelle figurative augneblinksskildringar. Sjølv om han har selt svært mange bilde, gler han seg framleis over den store interessa publikum viser for arbeida hans.
På utstillingsopninga laurdag blir det musikalsk innslag ved Torstein Knardal som er elev ved Volda Kulturskule, og som allereie er ein dyktig fiolinist. Han blir akkompagnert på piano av Hjørund Knardal.
Volda og Ørsta Kunstlag inviterer til ei flott kunstoppleving, og håper at mange vil stikke innom utstillinga på Kunsthuset både på opningsdagen og dei komande vekene.