Får vi endeleg vite kven som står bak «fenomenet» Planet Ørsta?
Fredag 3.september opnar Volda og Ørsta kunstlag dørene for Planet Ørsta, og for ungdom i alle aldrar som har late seg bergta av dette spesielle universet. Egil Olsen underheld med sang og musikk under opninga.
Utstillinga med originalteikningar, høgkvalitets trykk i fargar, installasjonar og animasjon, er open for publikum i tre dagar, frå fredag 3. til og med søndag 5.september. I tillegg vil skuleklasser både i Ørsta og Volda bli inviterte til å besøke utstillinga på dagtid den første veka i september.

Det er tre kameratar frå Ørsta, busette på Austlandet, som står bak Plant Ørsta-serien. Dei har jobba fram ei animasjonsserie som med musikk, humor og ein god dose galskap, heidrar heimbygda spesielt, og distriktsnoreg generelt. Sidan mars 2020 har det blitt mange epiosodar som har teke av på YouTube og i andre sosiale medium.
For planlegging og gjennomføring av utstillinga på kunsthuset, har Planet Ørsta fått støtte frå Sparebank1 søre Sunnmøre, NordvestProfil og Bjørdal Bil.
På grunn av smittevernomsyn, har kunsthuset berre plass til 50 besøkande under sjølve opninga.
Registrering i døra, og først til mølla. Bruk gjerne munnbind!