Kunsthuset i Ørsta – fredag 4.mars – laurdag 26.mars 2022. Ope torsdag, fredag og laurdag 12.00 – 16.00.
Opning fredag 4.mars kl. 18.00.
Reitan som bur og arbeider i Trondheim, var i perioden 1982-87 elev hos Odd Nerdrum, og han er inspirert av mellom andre den kjende kunstnaren Jens Johannesen.
Reitan har utdanning innan litteratur og filosofi frå Universitetet i Oslo, noko som pregar motivvalet hans. Dei tre orda «mystisk, filosofisk og koloristisk» karakteriserer kunsten hans. Uttrykksforma hans er ein kombinasjon av det abstrakte og det naturalistiske, med element frå surrealismen. Fargebruken er dristig og imponerer og fascinerer eit stort publikum.
Elling Reitan var Nobelkunstnar i 2000 og har blitt ein svært ettertrakta kunstnar både innan- og utanlands. Kunsten hans har funne vegen til mange offentlege og private samlingar. I Noreg er mellom andre slottet, regjeringsbygningen, høgsterett og riksrevisjonen eigarar av Reitan sine verk. Av utanlandske kjøparar kan David Beckham og Bruce Springsteen nemnast.
Publikum kan gle seg til å få møte Elling Reitan under opninga av utstillinga. Vi får også besøk av Rebekka Grimstad Aarseth som er elev ved Kulturskulen i Ørsta. Ho vil stå for det musikalske innslaget denne gongen.
Vi ynskjer alle velkomne til ei fargerik og spennande utstilling!
