Olav Strømme-galleriet

Olav Strømme-galleriet i andre etasje på Kunsthuset er ope torsdag, fredag og laurdag frå 12.00 til 16.00, eller etter avtale. Utstillinga som vi viser no, inneheld eit rikhaldig utval av verk,  eigde av kunstlaget, frå ulike epokar i Olav Strømme si kunstnarkarriere. Meir informasjon om Olav Strømme finn du her.

Sommarutstilling 2019

13.juli – 17.august 2019 Utstillarar: Anne Lise Aarseth, keramikk Caroline Bentzen, maleri Åsmund Orten, foto Tordis Øvrelid Myhre,  maleri Kristin Helena Habostad, maleriSalsutstilling – fri inngang – ope onsdag, torsdag, fredag, laurdag frå 12.00 til 16.00.Vi ynskjer alle velkomne til ei fin sommarutstilling på Kunsthuset i Ørsta!

Olav Strømme – opning av nytt galleri 13.06.2019

Torsdag 13.juni 2019 opnar det nye Olav Strømme-galleriet på Kunsthuset.  Det nye galleriet er meint å vere ein hyllest til kunstnaren, for hans rolle som banebrytande modernist og inspirasjonskjelde for kunstnarar og publikum. Galleriet er eit resultat av eit langsiktig og målretta arbeid i regi av Volda og Ørsta Kunstlag, ved tidlegare og noverande styre….

Kjell Nymoen – 27.04.-18.05.2019

Jubileumsutstilling Måleri og teikningar OPNING:  Laurdag 27.april  kl. 13.00 (ope til kl. 16.00) OPNINGSTIDER: Torsdag-laurdag 12.00 – 16.00 17.mai – 14.00 – 16.00 Salsutstilling – fri inngang Vi ynskjer vel møtt til ei flott utstillingsopning der kunstnaren sjølv blir til stades, og elevar frå Ørsta Kulturskule vil glede dei frammøtte med fin musikk.

Ola Une Ferstad Liland – 23.03.-14.04.2019

«Abstraksjonar» er tittelen på Ferstad Liland si utstilling, som blir opna laurdag 23. mars på Kunsthuset i Ørsta. Denne gongen er vi i Volda og Ørsta Kunstlag både stolte og glade over å kunne presentere kunstnaren Ola Une Ferstad Liland og eit rikt utval av dei fargerike og særprega arbeida hans. OPNING:  Laurdag 23.mars  kl….

Elisabeth Werp – 3.november – 1.desember

Laurdag 3. november opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny salsutstilling. Denne gongen har Kunstlaget gleda av å presentere den kjende biletkunstnaren Elisabeth Werp. Under tittelen «Vandreren» fyller ho Kunsthuset med maleri og grafikk. Utstillinga heng oppe til og med 1. desember. OPNING: Laurdag 3. november kl. 13.00 (ope til kl. 16.00) OPNINGSTIDER: Torsdag-laurdag 12.00 –…

Sylvi Aambø – 15. september – 6. oktober

Hausten på Kunsthuset blir i år ei fargesprakande storhending. Huset blir fylt til randa av Sylvi Aambø sine fabeldyr – og menneske, i sterke fargar og store format. Velkomen til ei retteleg vitamininnsprøyting frå golv til tak i to heile etasjar! OPNING:  Laurdag 15. september kl. 13.00 (ope til kl. 16.00) OPNINGSTIDER: Torsdag-laurdag 12.00 –…

Alf Christian Hvaring – 5. – 26. mai

OPNING laurdag 5. mai kl. 13:00 musikkinnslag v/Ørsta kulturskule OPNINGSTIDER  torsdag, fredag og laurdag kl 11-17 Kristi Himmelfartsdag og 17. mai kl 14-17 Alf Christian Hvaring stiller ut «augneblinksportrett» på Kunsthuset i mai. Med litografi, måleri og teikningar fangar han sjølve kjernen av minnet, det som gjer at ein aldri gløymer. FRI ENTRÉ – VELKOMEN!

Roar Kjærnstad – 24. mars – 14. april

OPNING laurdag 24. mars kl. 13:00 musikalsk innslag ved Christoffer Jensen PÅSKEVEKA måndag, tysdag og onsdag kl 11-17 OPNINGSTIDER ELLES torsdag, fredag og laurdag kl 11-17 FRI ENTRÉ – VELKOMEN!

«Samspill» – Gunilla Holm Platou – 20. januar – 10. februar

OPNING laurdag 20. januar kl 13 OPNINGSTIDER: torsdag, fredag og laurdag kl 11-17 FRI ENTRÉ – VELKOMEN! Laurdag 20. januar opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny salsutstilling. Denne gongen har laget gleda av å presentere Gunilla Holm Platou og kunsten hennar. Utstillinga er open for publikum til og med 10. februar. Gunilla Holm Platou er til…