Kunsthuset i Ørsta, 17.februar – 4.mars. Opning fredag 17.februar kl. 18.00 – 20.00
Ope kvar torsdag, fredag og laurdag 12.00 – 16.00.
Mathis Nango og Åshild Hansejordet har kollektivutstilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga er kalle «To», og opnar fredag 17.februar kl. 18.
Uttrykka til desse to kunstnarane er svært ulike. Medan Nango skildrar landskap og menneske med brei pensel, konsentrerer Hansejordet seg om detaljane i naturen.
Hansejordet er frå Ørsta, og har atelier i Ålesund, medan Nango er frå Kautokeino og har atelier i Volda.
På utstillilnga presenterer Hansejordet og Nango eigne verk, i tillegg til eit større fellesarbeid.
Begge kunstnarane blir til stades under opninga, og dei vil fortelje litt om arbeida sine. I tillegg spelar Olha Komarinska frå kulturskulen i Volda.

Åshild Hansejordet
