Kunsthuset i Ørsta, laurdag 22. april – laurdag 13.mai 2023

Biletkunstnar Anne Kristin Hagesæther opnar utstilling med maleri og litografi i Volda og Ørsta kunstlag laurdag 22. april kl. 13.00.
Anne Kristin Hagesæther sine bilete speglar den sterke tilknytninga ho har til den norske naturen, og lar oss sjå den med nye auge. Ho kombinerer konkrete, gjenkjennelege landskap med ein overraskande fargepalett og ein sterk tittel, gjerne henta frå ein salme eller eit dikt. Hagesæther reiser land og strand rundt og lar seg inspirere, ikkje minst av fjell og tre, som er gjennomgangsmotiv i kunsten hennar –Eg tenkjer at både fjell og tre har personlegheiter, livserfaring og mykje visdom å lære bort: om å halde ut i storm og slitasje, om å forsone seg med livet og at det set tydelege spor, om å ha røter eller grunnfjell som stikk djupt og om å gi ly til nokon som treng det.
Mange av dei nye maleria er inspirert av naturen og fjella påSunnmøre, Hjørundfjorden og Storfjorden.
Hagesæther er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK); Landsforeningen Norske Malere(LNM), Norske Grafikere, Billedkunstnerne i Oslo og Akershus (BOA), Billedkunstnerne i Bærum(BKIB)og Grafill.
Kunsthuset i Ørsta – 22.april – 13.mai 2023.
Fri entre