Kunsthuset i Ørsta – 4. – 26. november 2022
Skulpturar og installasjonar
Opning fredag 4.november 2022 kl 18-22. Kunstnaren er til stade under opninga.

Foto: Ingrid Egge
Gunnhild Torgersen (1986) er fødd og oppvaksen i Ørsta, og vi gler oss til å kunne visenoko av kunsten hennar på kunsthuset i Ørsta.
Gunnhild Torgersen sitt kunstnarskap er forankra i eit skulpturelt språk. Ved å jobbe tett på materialet med ei sensitivitet for opphav og eigenskapar, tenkjer og fortel ho gjennom det hendene kan skape. Kunsthuset blir fylt med intallasjonar og skulpturar i november månad.

Detalj frå utstillinga «Bunntone» ved Norsk Billedhoggerforening.
Støypt glas, sand henta frå Iljmuiden (NL) og snøre av sjøgras.
Gunnhild Torgersen har master frå Malmö Konsthögskola (2011) og bur og arbeider i Oslo. Viktige prosjekt og utstillingar dei siste åra har vore blant anna serien Dive vist ved Vermillion Sands, København (2020), Crowd, Noplace, Oslo (2018), Entré Nous, Møre og Romsdal Kunstsenter, Molde (2018), seriene Bows og Turners vist på blant anna Kunstnerforbundet, Oslo (2017) og Verdens Ende Kunstforening, Tjøme (2016), A shift within a limted physical space, Akershus Kunstsenter, Lillestrøm (2015), samt ei rekkje gruppeutstillingar. Ho har også tidlegare samarbeidd med Karen Gimle i blant anna utstillinga Stone Cold på Tag Team, Bergen (2013) og gjennom arrangeringa av AiR opphaldet og utstillinga Island Fever på Tjøme (2015).
Vi er særs glade for å kunne vise kunsten til Gunnhild på kunsthuset i Ørsta.
Opningstider: torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00
Fri entre