Kunsthuset i Ørsta – 20.-22.oktober 2022
Utstilling og framvisning av og for ungdom 15-21 år
Opning torsdag 20.oktober kl. 18.00
Av og for ungdom mellom 15 og 21 år. Ulike kunstneriske former blir viste.
Vil du vere med? Kontakt oss på vokunstlag@gmail.com.
Ope torsdag 18-21
Fredag – 17 -20
Laurdag – 12 – 16
Torsdag 20.oktober opnar kunsthuset i Ørsta dørene for ungdomsarrangementet «Skapar-showcase», der kreativ ungdom mellom 15 og 21 år frå Ørsta og Volda og omliggande kommunar, får dele ferdigheitene og interessene sine med kvarandre og med publikum.
Sju talentfulle ungdomar som driv med ulike sjangrar og teknikkar, og eit mangfald av uttrykk innanfor biletkunst, stiller ut verka sine. I tillegg blir det danseinnslag ved Volda og Ørsta Ballettskule, og truleg også nokre musikk-/song-innslag.
Litt av føremålet med arrangementet er at ungdom med felles interesser skal kunne skape seg nettverk og få inspirasjon til vidareutvikling av evnene sine.
Arrangementet går over tre dagar, torsdag, fredag og laurdag. Under den offisielle opninga torsdag, vil ungdommane som deltek bli presenterte, og det blir kulturelt innslag. Elles inviterer ballettskulen til «Dans med oss» to gonger kvar dag.
Det er ei stor glede for Volda og Ørsta kunstlag å gi rom til ungdommen og resultatet av ungdommeleg aktivitet i form av biletkunst, dans og song/musikk på kunsthuset, og vi håper på stor publikumstilstrøyming.
Det er fri entre og alle er hjarteleg velkomne.
