Leslie Ayres – «Mellom to tanker»

19.september – 10.oktober.

Opning laurdag 19. september 2020- Kunsthuset i Ørsta kl. 13.00. Det blir diktlesing og musikalsk innslag v/Leslie Ayres.

Leslie Ayres er ein engelsk, figurativ målar som er busett i Valdres. Han er i tillegg fjellklatrar og forfattar, og er oppteken av det skulpturelle i landskapsmaleri. Leslie er mest kjend for sine «Alpine landskap», og måleri av menneske. Spesielt er han oppteken av mennesket sitt møte med naturen. Leslie Ayres har eige galleri på Fagernes.

Fredag 18.september held han foredrag i 2.etasje på Kunsthuset kl 19.00, og deretter held han ei førehandsvisning av utstillinga si til gjestane.

Kunstlaget rettar seg etter FHI og Ørsta kommune sine smittevernreglar, og i 2.etasje på Kunsthuset kan vi ta inn maks 30 personar. Det kostar kr 100 å kome inn, og betaling skjer via VIPPS ved oppmøte i døra.

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s