Britt Smelver – «Omkring båten hans far.»

24. oktober – 21. november 2020

https://svfk.dk/project/serigrafi-som-valgt-teknik

Opning laurdag 24. oktober 2020- Kunsthuset i Ørsta kl. 13.00. Musikalsk innslag v/Kulturskulen i Volda.

Britt Smelvær er fødd i 1945, oppvaksen i Årdal, og no busett i København. Ho er biletkunstnar og  gjennom ulike bearbeidingar med fotografi og grafiske teknikkar, i broderi og i 3-dimensjonale objekt, skaper ho bilde som det er lett å relatere til. Dei fortel om minner, om å kjenne tilknytinga og ha røtene sine festa i miljøet her ved kysten, og ei lengt til det som var i barndomen

Smelvær har delteke i ei rad kollektivutstillingar i Skandinavia, dei baltiske landa, Tyskland, Spania, England og Japan. Ho har og hatt offentlege utsmykkingsoppdrag i Noreg og Danmark, og er Innkjøpt m.a. av Bergen Billedgalleri, Museet for Samtidskunst i Oslo, og kunstindustrimusea i Bergen, Trondheim og København. Ho var professor ved Kunsthøgskolen i Bergen 1993–1997. I 2005 gav Skald Forlag ut ei bok om Britt Smelvær.

Opningstider: torsdag, fredag og laurdag – 12.00 – 16.00

Kunstlaget rettar seg etter FHI og Ørsta kommune sine smittevernreglar.

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s