Debutantprisvinnar 2015 – Sebastian Makonnen Kjølaas – stiller ut i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga er ei vandreutstilling i samarbeid med Norske Kunstforeninger. Utstillingsopning laurdag 18.02 kl. 12.00. Meir informasjon om utstillinga finn du her
Eit aktivt kunstår
Volda og Ørsta Kunstlag har lagt bak seg eit aktivt kunstår med mange utstillingar og andre aktivitetar knytt til Kunsthuset i Ørsta sentrum. Planane for 2017 tek no form, og vi gler oss til spennande møte med allsidige kunstnarar og uttrykksformer i dei komande utstillingane. Takk til frivillige som har stilt opp som vakter, snekkarar,…
Anne Marit Varpen – acryl/collage 25.11-17.12.16
Tema for Varpen si utstilling er «Menneska sitt forhold til naturen». Utstillinga opnar 25.november og står til 17.desember. Opningstider: Torsdag, fredag og laurdag frå kl. 12.00 til kl. 17.00
Jubileums-utstilling 21.10-6.11.2016
Volda Kunstlag vart skipa i 1937 (snart 80 år) og Ørsta Kunstlag vart skipa i 1941 (75 år). I 2013 vart laga slegne saman til Volda og Ørsta Kunstlag. Jubilea blir markert med jubileumsutstilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstilllarar: Ingeborg Lystad, maleri, Ståle Aklestad, foto.
Mathis Nango – akryl og olje
Mathis Nango frå Volda/Finnmark stiller ut flotte og fargerike akryl/oljemaleri i Kunsthuset i Ørsta, 16.september – 7.oktober. Opningstider: 12.00 – 17.00 kvar torsdag, fredag og laurdag.
Sommar-utstilling 15.juli – 28.august 2016
7 damer stiller ut bilete på sommarutstillinga på Kunsthuset i år. Mange ulike bilete i ulike teknikkar utført av 7 kunstarar, dannar ein heilskap i denne utstillinga. Utstillarar: Synnøve Nupen Yngvil Birkeland Ingrid Brett Tove Stavem Reite Inger Øyehaug Årflot Gry Løvold Reidun Øverås
Ole Lislerud – 23.juni – 3.juli 2016
I samarbeid med Dei nynorske Festspela, held Ole Lislerud utstilling av Kalligrafi-verk på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga opnar 23.juni kl. 16.30 Opningstider: 24.-26.juni – kl. 11 – 17 27.juni – 3.juli kl. 12 – 17
Kjell Nupen, grafikk. Salsutstilling i lokala til Fru Svendsen
Opning fredag 13.november kl. 18.00.
Fargane rundt oss – 19.09 – 04.10.15
Laurdag 19.september opnar Volda og Ørsta Kunstlag salsutsilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstillarar er glaskunstnar Cornelia Roiha Skuggen og biletkunstnar Anne Hilde Baarøy Lystad. Dei utfyller kvarandre med sine fargesterke produkt og gler seg til å fylle Kunsthuset med fargane sine.
