Elin Muren – Utstilling 2. – 23. oktober 2026
Volda og Ørsta Kunstlag ser fram til å presentere utstillinga ‘Flora, slik eg ser det’, der Elin Muren stiller ut maleri inspirerte av planteverda. Elin er frå Volda og bur i Finland. Ho formidlar ideane bak utstillinga slik:
«Eg målar mine botaniske landskap med eit personleg uttrykk, med ein teknikk
som har vorte “finslipt” etter mange år med prøving og feiling. Det er ein leik med organiske former i ein rik fargepalett, i grenselandet mellom figurativt og abstrakt.
Det som driv meg er sjølve prosessen; mulegheitene, det uforutsigbare. Eg ser
på det som å legge eit puslespel, der motivet i starten er vanskeleg å sjå for seg
men som åpenbarar seg litt etter litt, bit for bit. Den store gleda når det endeleg
“løsnar” og eg kjem inn i den berømte FLOWEN.

Eg startar med å fylle duken med fargar i fleire lag for deretter å skape struktur
og mønster. Her kan eg bruke kniv for å lage linjer, vatten for å få fram fargen
under, plast og tape av ulike slag…Når dette er gjort byrjar det eg likar best; med
kvit akryl arbeider eg fram motivet ved å fylle i rundt elementa. Blada,
blomstrane, vasane kjem altså fram ved å bruke denne teknikken. Negative
painting technique er den engelske termen. Ein tidkrevande men veldig
spanande og kreativ måte å arbeide på.
Desse arbeida er ei påminning om å bruke sansane; fjerne øyreproppane og
høyre på fuglane som syng so vakkert om våren. Til å ta blikket vekk frå mobilen
og faktisk sjå på underet som skjer i naturen, i alle dei fire årstidene. Og det er ei påminning om å sjå det store, i det som er lite».
Elin Muren er til stades på utstillingsopninga., som er fredag 2. oktober kl. 18.00.
Utstillinga står til og med laurdag 23. oktober, og det er ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16.
Velkomne til utstilling i Kunsthuset i Ørsta!
