Fra fjell til fjord – Kristian Finborud, 4. – 26. september 2026

Volda og Ørsta kunstlag har gleda av å presentere salsutstillinga Fra fjell til fjord.

Kristian Finborud er ein av Noregs mest folkekjære grafikarar. Han eg kjend for sine stemningsfulle etsingar og akvatintar. Med ein karakteristisk, skisseprega strek og milde fargetonar fangar han den norske folkesjela – ofte med humor, varme og glimt frå kvardagslivet i norsk fjell- og fjordlandskap.

Finborud trykkjer alt for hand, noko som gjer kvart einskilt trykk unikt. Motiv og stemningar treff eit breitt publikum, og bilda hans formidlar eit nært og gjenkjenneleg møte mellom menneske og natur.

Kristian Finborud er utdanna ved Skien Teikne- og Maleskule og Statens høgskole for kunsthandverk og design i Bergen. Han er frå Skien, og busett på Voss. Sidan debuten i 1988 har han hatt utstillingar i store delar av landet, og i september stiller han ut i Kunsthuset i Ørsta.

  • Utstillingsperiode: fredag 4. september – laurdag 26. september
  • Opning: fredag 4. september kl. 18.00 (ope til 20.00)
  • Ope: torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12 – 16
  • Stad: Kunsthuset i Ørsta

Alle er hjarteleg velkomne til utstillinga!

Legg igjen en kommentar