Volda og Ørsta Kunstlag inviterer til utstilling med bildekunstnaren Per Ove Sødal. Publikum får oppleve eit utval maleri og grafiske arbeid frå eit omfattande kunstnarskap, som er særleg inspirert av sørlandskysten med motiv frå hav, naust, uthamner og fiskevær.
Sødal har arbeidd som kunstnar på heiltid sidan 1997 og er kjend for stemningsfulle skildringar av lys, landskap og menneskelege erfaringar. Gjennom maleri og grafikk skaper han eit poetisk uttrykk prega av ro, mystikk og ettertanke.

Sødal er autodidakt som kunstnar, men han har søkt fagleg utvikling gjennom samarbeid med etablerte kunstnarar, og har gått i lære hos kunstnarane Kjell Nupen og Håkon Grønlien.
Utstillinga opnar fredag 6. november kl. 18.00 (ope til 20.00). Sødal vil vere til stades under opninga, der vokalgruppa Sams står for det musikalske innslaget.
Utstillinga varer til og med laurdag 28. november.
Kunsthuset i Ørsta er ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12 – 16
Alle er hjarteleg velkomne!
