Leif Nyland er årets festspelkunstnar. Med ein rik fargepalett, og sterke kontrastar mellom lys og skugge, skaper han maleri med ei nærast filmatisk stemning. Nyland utforskar landskap og arkitektoniske element gjennom abstraksjon og kontrastar, der lys og skugge står sentralt – i tråd med festivaltemaet. Han legg vekt på augneblink og spenninga som oppstår i kontrastane. Motiva tek ofte utgangspunkt i stader frå oppveksten, der han set i scene stemningar og inntrykk som han – fram til han får det på lerretet – berre har kunne fornemme. Nyland er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, og bur i Fredrikstad. Han ser det som ei stor ære å vere festspelkunstnar – og særleg når han kan arbeide med utgangspunkt i temaet «Lys og mørke».

Festspelutstillinga er eit samarbeid mellom Nynorsk Kultursentrum og Volda og Ørsta Kunstlag.
Utstillinga, som er ei salsutstilling, opnar torsdag 11. juni kl. 16.30 (ope til 18.30). Elles er det ope:
Fredag 12. juni kl. 12-16
Laurdag 13. juni kl. 12-16
Søndag 14. juni kl. 12-14
Frå og med torsdag 18. juni er det ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16.
Siste utstillingsdagen er laurdag 4. juli.
Velkomne til ei fargerik og fin festpelutstilling i Kunsthuset i Ørsta!
