
Utstillinga ‘Tilflukt i Grepa – kunst, industri og framtid i Ørsta på 1930-talet’ tek utgangspunkt i ei lite kjend side av Ørsta si industrihistorie, då kunstnaren Olav Strømme tidleg på 1930-talet hadde atelier i Grepa- og Melva-fabrikkane. Som motyting for husrom måla Strømme ein serie stadspesifikke veggmåleri i trappeløpet i Grepas vognfabrikk. Det var verk som kombinerte industrivisjonar, menneske og maskineri med abstrakte og poetiske former, inspirerte av samtidige, radikale kunststraumdrag i Europa.
Måleria vart redda ut då fabrikken blei riven tidleg på 2000-talet, og står i dag att som fragment frå ei tid der kunst og industri eksisterte tett saman. Kva fortel desse nesten hundre år gamle verka om vilkåra for kunst då – og no?
I utstillinga set Stian Ådlandsvik og Ragnhild Aamås arbeida til Strømme inn i ein samtidskontekst. Gjennom nye eigne verk undersøker dei kva rom kunsten har i dag, kva som blir rekna som verdifullt eller unyttig, og kva slags materiell, teknikkar og strukturar som formar vår eiga tid. Der industrien ein gong var motor, er han i dag erstatta av handel, forbruk og senterlandskap.
Ådlandsvik arbeider konseptuelt med skulptur og materiale knytt til samfunnsstrukturar, medan Aamås kombinerer skulptur, tekst og lyd i undersøkingar av historie, ideologi og kulturelle spor.
Denne dagsaktuelle og historisk forankra utstillinga opnar fredag 15. mai kl. 18.00 i Kunsthuset i Ørsta. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn står for opninga.
Utstillinga er opa torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16, til og med laurdag 6. juni 2026.
Alle er hjarteleg velkomne til Kunsthuset i Ørsta!
