Hausten på Kunsthuset blir i år ei fargesprakande storhending. Huset blir fylt til randa av Sylvi Aambø sine fabeldyr – og menneske, i sterke fargar og store format. Velkomen til ei retteleg vitamininnsprøyting frå golv til tak i to heile etasjar!
OPNING:
Laurdag 15. september kl. 13.00 (ope til kl. 16.00)
OPNINGSTIDER:
Torsdag-laurdag 12.00 – 16.00
Salsutstilling – fri inngang
Sylvi har bak seg over 50 separatutstillingar og over 60 kollektivutstillingar i inn- og utland. Ho uttrykker seg gjerne gjennom kraftfulle fargar og særeige formspråk, både gjennom måleri og grafikk.
Sylvi er fødd og oppvaksen i Ørsta sentrum, busett i Volda sidan 70-talet. Ho debuterte som kunstnar i 1978, og har sidan stått for ein uavbroten straum av eventyrlege bilde, der fantasien får skape sine eigne historier. Denne hausten blir eit stort utval av Sylvi sine bilde å finne på Kunsthuset, kanskje den største separatutstillinga Sylvi nokon gong har hatt lokalt.