«Samspill» – Gunilla Holm Platou – 20. januar – 10. februar

OPNING

  • laurdag 20. januar kl 13

OPNINGSTIDER:

  • torsdag, fredag og laurdag kl 11-17

FRI ENTRÉ – VELKOMEN!

Laurdag 20. januar opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny salsutstilling. Denne gongen har laget gleda av å presentere Gunilla Holm Platou og kunsten hennar. Utstillinga er open for publikum til og med 10. februar. Gunilla Holm Platou er til stades under opninga i Kunsthuset. Det er også elevar frå Kulturskulen i Ørsta, som gjer ære på kunstnaren og alle frammøtte med vakker musikk.

Gunilla Holm Platou (født 1972)  er ein kunstnar som i hovudsak arbeider med måleri og grafikk. Ho er utdanna Art Director ved Westerdals Reklameskole i Oslo og har i tillegg studert ved Kunst- og Design College i Asker. Sidan 2002 har ho vore heiltidskunstnar.

Holm Platou er vide kjend for humoristiske ku-motiv med artige titlar, men har sidan 2009 også jobba med fuglar som tema. Ho har hatt, og har eit spesielt fokus på dei utrydningstrua artane. Gjennom arbeida med fuglar presenterer ho flott biletkunst, samstundes som ho når fram med bodskapen om at vi må verne meir natur og vedlikehalde kulturlandskap slik at vi får behalde artsmangfaldet for framtida. Bileta hennar formidlar menneskelege sinnsstemningar, gjerne med tunge tema som lengsel og einsemd, men også humor.

Holm Platou har delteke på mange kollektivutstillingar over heile landet, og har hatt ei rekke separatutstillingar både i Noreg og Sverige. Ho har også hatt fleire utsmykkings- og illustrasjonsoppdrag.

Tittelen for utstillinga i Ørsta er «Samspill». Her presenterer ho eit stort utval bilete, både grafikk og måleri med ku-motiv og fuglar.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s