Laurdag 21 juni opnar Volda og Ørsta kunstlag minneutstilling med Tove Strømme og utstilling med Hilde B. Brunvoll. Begge utstillingane er salsutstillingar.
Tove Strømme (f. 1940, d. 2011)
Tove Strømme hadde utstilling i Ørsta kunstlag i 2004. Då var ho ein av dei første utstillarane i 2 etg. i Kunsthuset, før huset vart renovert. Tove var dotter til den berømte kunstnaren Olav Strømme, som Volda og Ørsta kunstlag også har ei samling bilete av. Tove Strømme sine bilete er prega av sterke fargar og delvis abstrakte motiv. Det er nesten monokrome landskap frå natur eller by, brote av sterke lysstrålar i kontrastfargar. Dei er både modige og harmoniske. Tove har utdanning frå Statens Håndverks- og kunstindusriskole, Kunstakademiet i Kumasi, Ghanaog ved Royal College of Art i London. I tillegg har ho utdanning som skodespelar frå Statens Teaterhøyskole. Sidan 1972 har ho hatt mange separatutstillingar i inn- og utland. Frå listen av kollektive utstillingar kan ein nemne Høstutstillingen, Østlands- og Vestlandsutstillingen, og utstillingar i Baden-Baden, London, Paris og Belfast. Tove vart introdusert i kunstens verden som 13-åring, då ho flytta til far sin. Ho budde då saman med han til ho gifta seg, og var med han på mange reiser. Bilda til Strømme er som magiske landskap, eller abstrakte fargekomposisjonar.
Tove sa sjølv om sine bilete:
– For meg representerer havet noe mystisk, noe uhåndgripelig. Jeg kan gripe ut mot det, jeg kan ha en sterk opplevelse av det, men jeg kan aldri helt forstå det. Det representerer noe poetisk og vakkert, noe spennende og alltid ukjent. Denne undringen i møte med havet fungerer som en sterk inspirasjon og drivkraft.
– En storby om natten har en egen magi. En by som strekker seg så langt øyet kan se gir en opplevelse av uendelighet som er beslektet med følelsene havet kan gi. Når man ser utover allelysene, disse fornemmelsene av mange millioner menneskers liv, kan man få den samme følelsen av å se på noe man aldri riktig kan fatte.
Hilde B. Brunvoll
Hilde B. Brunvoll held til i Molde. Sidan 1986 har ho arbeidd med biletkunst. Brunvoll har budd 10 år i California. Ho arbeider innanfor ein målarstil kalla «plein air». Utendørsmåleriet, slik dei første impresjonistane måla. Dei sto ute og malte rett på lerretet det inntrykket dei hadde der og då. Brunvoll slo seg ned som kunstnar i Molde i 2003, då hadde ho teke ei rekke kunstfag i tillegg til si tidlegare adjunktutdanning. No arbeider ho over 50 % av tida som kunstnar, resten underviser ho på Molde vidaregåande skule i visuelle kunstfag. Ho målar i all hovudsak olje på lerret, og litt akvarell. Motiva som vert stilt ut på denne utstillinga er inspirert frå nærområda her omkring. Brunvoll målar helst natur og utemotiv, og står gjerne ute sjølv om det ikkje alltid er mogeleg her i Noreg.
Ho seier det slik:
– Eg er eit utemenneske og er veldig oppteken av stemningar og fargar. Det er ute i naturen at eg kjenner at eg lever og det er også der eg hentar all inspirasjon.
Volda og Ørsta kunstlag ønsker alle velkomne i Kunsthuset til to spennande utstillingar.
Utstillingane varer til 23 august.