Utstilling med Tor Olav Foss

foss 1

foss 2

foss 4

Utstilling med Tor Olav Foss i Kunsthuset i Ørsta 24. mai til 14. juni. Opning laurdag 24. mai kl 12.00.

Tor Olav Foss er født i Furnes ved Hamar i 1952. Gjennom meir enn 130 separat,- kollektiv- og gjesteutstillingar i Italia, Noreg, Svalbard, Sverige, og Tyskland har han oppnådd internasjonal merksemd og er innkjøpt til offentlege og private samlingar i Danmark, Finland, Frankrike, Island, Italia, Kenya, Noreg med Svalbard, Polen, Spania, Sverige, Tyrkia, Tyskland og USA.

Samtlege av hans arbeid reflekterer «Øyeblikk av evigheten», som også er tittel på alle hans separatutstillingar der lys, undring, og sakrale stemningar er hovedtema, så vel konkret som symbolsk.

I 2004 var Foss Noreg sin nominerte kandidat og semifinalist til den paneuropeiske Lexmark European ArtPrize, Triennale di Milano, Italia.

Kunstnaren har vore designar av trofeet til den offisielle, norske Kvalitetsprisen, malt sidealter i Grefsen Kirke Oslo og jubileumsutsmykking i Mariakapellet, Bliksvær i Nordland. Han er prisvinnar i fotografi i Noreg og Sverige, samt representert med arbeid i ein rekke publikasjonar og bøker.

Samtidig med verdsustillinga EXPO 2000 i Tyskland, vart Foss presentert i det internasjonale Who`s Who Europe Magazine, og seinare fleire gongar i «Top Business going Asia» og «Top Business going South America» under overskrifta «The art of light, the light of art».

V E L K O M E N  T I L  O P N I N G  2 4 . M A I

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s