Kunstglede for alle sansar

Fredag 14.februar kl. 19.00, arrangerer Volda og Ørsta kunstlag ein triveleg kveld på kunsthuset i Ørsta,

Jertrud Eikås har utstilling på kunsthuset no, og ho er til stades denne kvelden og fortel om arbeidet og bileta ho stiller ho ut.

Kyrre Grimstad og Børre Lødemel vil underhalde med song og musikk, og det blir småbord, loddsal, enkel servering og sal av forfriskningar.

Påmelding til 918 52 542 eller epost: vokunstlag@gmail.com innan onsdag 12,februar kl. 12. Gratis inngang for medlemer, kr 100 for ikkje-medlemer.

18-årsgrense.


«In progress» er tittelen på Jertrud Eikås si utstilling på Kunsthuset i Ørsta. Eikås er fødd og oppvaksen i Nordfjord, men flytta til Bergen, der ho har jobba som kunstnar i fleire år. Sjå meir på Jertrud si facebookside artgalleri.no

 

 

Legg igjen en kommentar