Sommarutstillinga 2024

Laurdag 6. juli opnar Volda og Ørsta kunstlag Sommarutstillinga 2024. I år bidreg dei tre dyktige kunstnarane Bjørn Hessen, Lena Bratteberg og Monica Vermeer til at første etasje på  Kunsthuset i Ørsta blir ein inspirerande og fargerik opplevingsarena for turistar og lokalbefolkning. Utstillinga heng oppe til laurdag 10. august. 

Bjørn Hessen har bakgrunn som ishavsgast, fiskar og fjellmann. Inntrykka frå naturen gjev inspirasjon til verka hans, og stemningane og det skiftande vestlandsveret er tema.Kunsten hans har vekt begeistring hos publikum på utstillingar over store deler av landet.

Lena Bratteberg har alltid hatt stor glede av kreativiteaktivitetar og spesielt måling. Ho har studert kunst og handverk på høgskulen i Volda. Ho jobbar intuitivt, helst på fleire måleri samstundes, og ofte i seriar. Ho finn glede og inspirasjon til verka sin ute i naturen, men brukar også kunsten til å uttrykke bekymring for kva vi etterlet av miljø- og naturressursar til dei som kjem etter oss.

Monica Vermeer er fødd i Nederland. Ho og familien flytte til Noreg i 2007. Monica har kunstutdanning frå Hogeschool voor de Kunsten (Kunsthøgskule) i Arnhem, Nederland, og lærarutdanning i kunst, design og handverk frå både Høgskulen i Volda og Universitetet i Søraust-Noreg (Notodden). Ho har arbeidd med mange ulike materialar, men hovudområdet er måling, både akryl og olje. Tema i arbeida hennar varierer, men har tyngde i portrett og forstørringar av små detaljar i naturen. 

På utstillingsopninga blir det presentasjon avkunstnarane, og Jenni Bratteberg Aamås vil glede publikum med song og musikk.

Olav Strømme-galleriet i andre etasje på Kunsthuset vil også vere ope denne sommaren. Opningstidene blir dei same som for Sommarutstillinga.

Legg igjen en kommentar