Vi ynskjer multikunstnaren Astri Eidseth Rygh hjarteleg velkomen til Kunsthuset i Ørsta, der verka hennar, både grafikk og måleri, vil bli presenterte for publikum i perioden frå fredag 3. til laurdag 25. mai. Opninga blir fredag ettermiddag, kl 18, med kunstnaren til stades og musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising gje oss eit attersyn på sitt mangeårige og innhaldsrike kunstnarliv.
Astri Eidseth Rygh er ein av dei mest mangslungne nolevande kunstnarane vi har.
Ho har utdanninga si frå Volda pedagogiske Høgskule, Bingley College of Art i England, Ålesund Kunstskule og Medielina, Høgskulen Volda, Film og Video.
Ho har gjennom livet utforska mange ulike kunstformer, og har mellom anna arbeidt som scenograf i samband med danseframsyningar, laga videoar og kortfilmar og har arbeidt med tekstskaping, for å nemne nokre område, men mest kjend er ho truleg for biletkunsten, i første rekke oljemåling, men også akvarellar kolteikningar og grafiske verk, og for dei mange installasjonane sine. Eit høgdepunkt i karrieren nådde ho med installasjonen «Tellus Egg», som stod i sentrum under opningsseremonien under dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994.
I tillegg til å vere ein høgt akta nasjonal kunstnar, har Astri Eidseth Rygh hatt ei omfattande internasjonal karriere med utstillingar og/eller framsyningar (performances) både i England, Danmark, Italia, Frankrike, Sveits og USA.
Det er mange i regionen vår som ser fram til å få møte mennesket og kunstnaren Astri Eidseth Rygh og verka hennar igjen, når ho no stiller ut på heimlege trakter, og styret i kunstlaget ynskjer alle velkomne innom Kunsthuset både for å slå av ein prat og for å få ei god kunstoppleving.
Opningstider: torsdag 14-18, fredag og laurdag 12-16.

