09.november – 07.desember 2019
L
Opning laurdag 09.november 2019 kl. 14.00 – Kunsthuset i Ørsta
Opningstider: torsdag, fredag, laurdag – 12.00 – 16.00.
Fredag 15.november: Ope til kl. 19.00.
Eva Harr er fødd i Harstad i 1951, men bur og arbeider i Oslo. Den kunstfaglege utdanninga har ho frå Statens Håndtverk- og Kunstindustriskole i 1972-1977 og frå Statens Kunstakademi i 1977-1981. Sidan debuten i 1978 har Eva Harr hatt eit tett program med utstillingar både i inn- og utland. Kunsten hennar er m.a. innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Nord Norsk Kunstmuseum, og Reine Kultursenter opna sommaren 2007 eit permanent ”Galleri Eva Harr” med ei fast samling av maleri og grafikk.
Harr har også hatt mange utsmykkingsoppgåver og bokillustrasjonsoppdrag.
Eva Harr sine kunstutrykk er prega av landskapet i nord. Ho seier sjølv følgande:«Min billedfortelling handler om tilstander og stemninger, lys og mørke. Et indre landskap, fylt av symboler og detaljer fra det nordlige landskapet; mitt opphav og min viktigste inspirasjonskilde».
Landskap, natur og gamle hus står sentralt i kunsten hennar. Ho meiner at motiva av gamle hus, med sterke og vakre uttrykk, som i lange periodar var prega av forfall, har vore ein form for «husvern». Ho håpar at nokre av bilettolkingane hennar kan formidle ein kombinasjon av tilknyting, historie og poesi. Eit hus er eit ansikt og kanskje det tryggaste vi veit, spesielt når vi kallar det «Heim». Eva Harr ynskjer også å bruke bilde som argument i ei tid der klimatrugsmålet er ei utfordring for samtid og framtid. Dette gjer ho ved å formidle naturopplevingar gjennom arbeida sine.
På utstillingsopninga får publikum møte kunstnaren. Elles blir det kulturelt innslag ved elevar frå Kulturskulen i Volda.
Vi minner også om Olav Strømme-utstillinga i andre etasje på Kunsthuset der publikum no kan sjå Strømme-galleriet sin eigne bilde.