«Glenne» er tittelen på Kjell Bendiksen si utstilling på Kunsthuset i september.
Kjell Bendiksen er grafiker, og kan bruke dei fleste grafiske teknikkane. Det er likevel særleg innan ulike djuptrykkteknikkar han har utvikla sitt eige biletuttrykk. Sjølve trykkeprosessen er svært arbeids- og tidkrevjande, og opplaga små.
Kjell Bendiksen har delteke ved fleire internasjonale grafikkbiennalar og triennalar. I Noreg har han hatt ei rekkje separatutstillingar, og er innkjøpt av fleire nasjonale og regionale samlingar.
Bendiksen er fødd i 1948 i Bergen, men bur og arbeider no på Lillehammer.
Utdanning:
- 1966-69 Bergens Kunsthåndverksskole
- 1970-73 Vestlandets Kunstakademi Bergen
- 1973-79 Statens Kunstakademi i Oslo
OPNING:
Laurdag 07.september kl. 13.00 (Ope til 16.00)
OPNINGSTIDER:
Ope kvar torsdag, fredag og laurdag frå 12.00 – 16.00.
Salsutstilling – fri inngang