Bjørg Thorhallsdottir – separatutstilling 13.juni – 06.juli 2019

«Livet» er tittelen på Bjørg Thorhallsdottir si utstilling på Kunsthuset, der ho viser grafikk og akvarellar.

«Livet»

Bjørg Thorhallsdottir er fødd i Isafjordur på Island i 1974. Familien flytta til Noreg, og ho vaks opp i Lommedalen i Bærum og i Søraust-Asia.

Björg har ti år med kunstutdanning innan grafikk, maleri, installasjonar og aktteikningar frå mellom anna kunstakademiet i Barcelona og Toulouse. Ho har gått i lære hos Jean Ducros ved kunstakademiet i Toulouse, Frankrike i 1998, og i grafikk hos Ignacio Aguirre i Barcelona i 2001-2002. Ignacio har tidlegare jobba med kunstnarar som Picasso, Miro og Dali, og i dag har Björg atelier sammen med han i Barcelona. Kunsten hennar har blitt utstilt både i inn- og utland. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar, og etterspørselen etter grafikken er stor.

Bjørg har også utsmykka fleire kyrkjer og bygningar med mosaikk, marmorutskjæringar og blyglassvindauge. Ho jobbar både med grafiske etsningar og maleri.

OPNING: 

Torsdag 13.juni kl. 15.30 (ope til kl. 18.00)

OPNINGSTIDER:

Under festspela 13. – 16.juni:  Torsdag 15.30 – 18,00, fredag 12.00-17.00, laurdag 12.00 – 16.00, søndag 14.00 – 17.00

Deretter ope torsdag-laurdag 12.00 – 16.00 til og med laurdag 06.juli.

Salsutstilling – fri inngan

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s