Ola Une Ferstad Liland – 23.03.-14.04.2019

«Abstraksjonar» er tittelen på Ferstad Liland si utstilling, som blir opna laurdag 23. mars på Kunsthuset i Ørsta. Denne gongen er vi i Volda og Ørsta Kunstlag både stolte og glade over å kunne presentere kunstnaren Ola Une Ferstad Liland og eit rikt utval av dei fargerike og særprega arbeida hans.

OPNING: 

Laurdag 23.mars  kl. 13.00 (ope til kl. 16.00)

OPNINGSTIDER:

Torsdag-laurdag 12.00 – 16.00

Salsutstilling – fri inngang


Ola Une Ferstad Liland er frå Ålesund, men bur og arbeider no i Geiranger. Der driv han Geiranger Galleri i sommarhalvåret, med formidling og sal av både eigne arbeid og arbeid frå andre etablerte vestlandskunstnarar. Resten av året kombinerer han arbeid på atelieret, utstillingar, prosjekt og lange utanlandsopphald.

Kunstnaren blir karakterisert som ein figurativ kolorist. Motiva er for det meste abstrakte og som oftast fargerike. Han arbeider både med maleri på lerret, med grafikk og med mixed media grafikk.

Liland har kunstfagleg utdanning frå Volda, Warszawa og Ljubljana. Sidan 1983 har han hatt ei lang rekke separat- og kollektivutstillingar både i inn- og utland. Han er fast representert i fleire galleri, og innkjøpt til mange offentlege og private rom. Kunstnaren har hausta mange lovord og har hatt fleire studiereiser og arbeidsopphald utanlands, mellom anna i dei europeiske landa, i USA, Tyrkia, Japan, Sør-Amerika, Marokko, Borneo, Japan og Galapagos. Han har fått polsk og jugoslavisk statsstipend i tillegg til ulike stipend og legat i Noreg.

På Kunsthuset stiller Liland ut eit rikt utval av måleri, grafikk og mixed media grafikk, og prisklassene er for ei kvar lommebok.

Vi ynskjer vel møtt til ei flott utstillingsopning der kunstnaren sjølv blir til stades, og elevar frå Volda Kulturskule vil glede dei frammøtte med fin musikk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s