Ivar og Johan Olaisen har gitt ei stor gåve til Volda og Ørsta Kunstlag, øyremerka etablering av eit nasjonalt Olav Strømme-galleri på Kunsthuset i Ørsta. Over 100 grafiske verk har brørne gitt, og desse er no for sal på Spinneriet i Volda.
Utstillinga opnar fredag 9.november kl. 17. Kl. 18 er det kunstauksjon av 5 utvalde bilete av mellom anna kunstnaren Jens Johannesen. Utstillinga er deretter open kvar dag (unnateke søndag) til og med laurdag 17.november. Ope 12 – 16.