Ørnulf Opdahl Haustutstilling – 13. oktober – 11. november

Ørnulf Opdahl sin kunst er stilt ut på  Kunsthuset i haust!

OPNING

  • fredag 13. oktober kl 18 – musikkinnslag ved Stig Ulv

OPNINGSTIDER

  • torsdag, fredag og laurdag kl 11-17

FRI ENTRÉ – VELKOMEN!



Ørnulf Opdahl (født 1944) er kjend og kjær for dei fleste kunstinteresserte i landsdelen vår, men han er i tillegg ein kunstnar av høgt nasjonalt og internasjonalt format. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi i Oslo, og var i perioden frå 1985 til 1992 professor ved Statens Kunstakademi.


I Kunsthuset stiller Ørnulf Opdahl ut grafikk og keramikk. Som grafikar arbeider han mest med litografi og monotypi. Naturen er sentral i Opdahl sine verk, der han arbeider for å fange ei stemning i landskapet, ei landskapsånd, og motiva grensar opp mot eit abstrakt formspråk. Dette gjer at både grafikk og måleri med motiv frå Vestlandet engasjerer publikum både nasjonalt og internasjonalt.


Sidan Ørnulf Opdahl debuterte på Vestlandsutstillinga i 1964, og hadde si første separatutstilling i Oslo Kunstforening i 1966, har han fått rosande omtaler av kunstkritikarane. Han har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland, og har utført fleire offentlege utsmykkingar, som for Stortinget, Norges Bank og Universitetsbiblioteket i Oslo. Elles har han vore, og er, engasjert i mange ulike kunst- og samarbeidsprosjekt.


Ørnulf Opdahl var til stades under opninga i Kunsthuset. Det var også Stig Ulv som gjorde ære på kunstnaren og på eit rekordstort publikum, med vakker musikk.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s