Olav Grimstad og Katharina Teige Førde er sommarutstillarar i Kunsthuset i år.
Opning:
- Søndag 16. juli kl. 17:00
Ope i juli:
- Alle dagar kl 11:00-16:00 (søndag stengt)
Ope i august:
- Torsdag – fredag – laurdag kl 12:00-17:00
FRI ENTRÉ – VELKOMEN!
OLAV GRIMSTAD
Heilt sidan 1977 har Olav Grimstad stilt ut på Kunsthuset kvart 10. år. I år er ikkje noko unntak, og med akvarellane sine ynskjer Olav å formidle stemningar og vekkje kjensler.
Bilda hans er insipirert av naturen, både frå Ørsta der han vaks opp, og frå Hurum der han bur i dag.
KATHARINA TEIGE FØRDE
Med leik og meditasjon har Katharina Teige Førde skapt teikningar av menneskekroppen, både på papir og som skulpturelle objekt i stålstreng.
Gleda over å teikne er med dette reetablert for kunstnaren. Menneska ho vil dele med oss er fri frå kroppsidealet, formatet er mangfald og variasjonar.