Jan Baker, grafikk

Fredag 5.april kl 18.00 – 20.00 opnar Volda og Ørsta kunstlag utstilling med den kjende malaren, grafikaren og materialkunstnaren Jan Baker

Utstillinga varer frå 5.april til 27.april, og har følgjande opningstider:

  • Torsdag 14 – 18
  • Fredag og laurdag 12 – 16

Baker er fødd i 1939 i Stange, og er framleis ein aktiv og særs spesiell kunstnar. I samband med 85-årsjubileet, arrangerer han fleire store utstillingar på Austlandet, og vi i Volda og Ørsta kunstlaget er særs glade for at vi får vise ein del av kunstverka hans også her på Kunsthuset i Ørsta.
Jan Baker uttrykker seg hovudsakleg gjennom maleri og grafikk. På utstillinga i Ørsta stiller Baker ut kunst som er skapt digitalt, med teiknebrett og digitale maleverkty, såkalla D.G.A.-kunst. Prosessen startar på papir, lerret eller liknande, der kunstnaren teiknar eller malar. Deretter blir dette digitalisert i høg oppløysing og printa på papir av særs høg kvalitet. Alle dei store trykka er så handkolorerte.

Baker har utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Statens Kunstakademi og studieopphald i Paris.

Han har hatt fleire separatutstillingar i inn- og utland, og delteke på bieannalar og festivalar. Baker er også innkjøpt av fleire offentlege instansar som Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, De Kongelige samlinger, Norsk kulturråd, Kulturministeriet i Bonn mm. I tillegg er han tildelt fleire prisar, som Kongens fortjenesetemedalje i gull, og æresmedalje i gull frå Rotary.

Vi ønskjer velkomne til ei spennande utstilling!

Legg igjen en kommentar