Festspelutstilling Roar Hagen 7. juni – 7. juli

Kven er vi? Ei utstilling om å høyre til.

OPNING: 

Torsdag 7. juni kl. 16.30 v/Ottar Grepstad

Musikkinnslag v/Kulturskulen i Ørsta

Fri inngang – velkomen!

OPNINGSTIDER:

Torsdag 7. juni: kl. 16.30 – 19.00

Deretter ope kvar torsdag, fredag og laurdag frå 11.00 – 17.00 til og med laurdag 7. juli

Utstillinga i samband med Dei nynorske festspela 2018 skal løfte fram og drøfte omgrepet identitet, både lokalt, nasjonalt og i det store biletet. Dette er ein lang tradisjon, og teikningar var til dømes eit særs vitalt medium då Noreg skulle rive seg laus frå unionen med Sverige og finne sin eigen identitet som folk i ei større verd.

– I dag har teikningar fått ei fornying når vi i ei globalisert verd må finne vegar til sameksistens, utfordring og språk. Det er difor ei ære for meg å vere med i «Cartooning for Peace», ein organisasjon oppretta med hjelp av mellom andre Kofi Annan. Teikningar har synt seg å kunne vere med i den store samtalen om kven vi er, og kvar vi er på veg, seier teiknar og illustratør Roar Hagen.

På opninga blir det musikkinnslag ved Ylva Torine Thon og Sigurd Elias Halse frå Ørsta Kulturskule.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s