
Hei!
Er du ein ungdom mellom 15 og 18 år?
Bur du i Ørsta og Volda kommunar dette skuleåret og neste år?
Er du glad i form og farge?
Likar du å fotografere og filme?
Likar du å samarbeide med andre ungdommar og med vaksne mot eit felles mål?
Dersom du kan svare ja på eitt elle fleire av desse spørsmåla, og i tillegg har litt fritid til overs denne våren og hausten 2018, har vi eit godt tilbod til deg!
Etter påske startar vi i Volda og Ørsta Kunstlag opp eit prosjekt som heiter NåDa/NoDå.
Kunstnaren Robert Steinnes (sjå bildet), som m.a. har utforma Padda i Austefjorden, skal leie dette prosjektet, og han vil gjerne samarbeide med ungdommar frå Ørsta og Volda.
Planen er at han og ungdommane skal ta utgangspunkt i eitt eller fleire kulturminne knytte til vasskraftproduksjon, og med inspirasjon i dette skape eit moderne kunstverk eller ein installasjon som skal utplasserast i Volda eller Ørsta.
Ungdommar som er med på prosjektet, får tilbod om følgande:
- Kurs i dokumentasjon ved bruk av mobiltelefon.
- Praksis, ved dokumentering av alt som skjer i prosjektet frå starten til ferdig produkt.
- Kunnskap om vasskraftproduksjon ved m.a. besøk på Tussa sine anlegg.
- Rettleiing i utforming av skisser som skal brukast som utgangspunkt for kunstverket.
- Samarbeid med Robert gjennom heile prosessen frå skisse til ferdig kunstverk/installasjon.
Alle aktivitetane er gratis og skjer på fritida. Dei som blir med, får vere med på planlegging av prosjektet og av trefftidspunkt.
Dersom du trur at dette er noko deg, eller dersom du vil vite meir før du bestemmer deg, kan du kontakte meg på tlf. 97954391 eller e-post: akirsel@online.no innan20. mars.
Vennleg helsing frå Volda og Ørsta Kunstlag v/Anne Ellingsen
Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB, Tussa Energi og Volda kommune.
