Start påska med utstilling av Judith Bech

Påska startar fredagskvelden med opning av utstillinga «Lyse tonar». Her vil de få sjå blant anna brudekjolar, selskapsantrekk og foto. Nokre maleri av den britiske kunstnaren Charles Lant blir og stilte ut. Han har hatt ein rekke utstillingar tidlegare med blant andre dronning Elisabeth til stades.

Judith Bech er kunstdesignar, og har gjennom mange kreative år spesialdesigna kjolar til mang ei brud og til fleire store tilstellingar. «Dei som kjem til meg får ikkje velge så mykje sjølv. Veit dei bestemt kva dei vil ha, bør dei gå til ein skreddar. Det er gøy at folk gir litt etter», seier designaren.

Volda og Ørsta kunstlag vil komande helg presentere ei utstilling som er ei god blanding av kunst og design. Fredagskvelden vil det bli offisiell opning med kunstnaren til stades. Judith har delteke på Oslo Fasionweek fleire gongar og har levert kreasjonar både til kongelege prinsesser og til kjendisar på den raude laupar på Filmfestivalen i Cannes. Ein av desse kjolane blir å finne på utstillinga. Judith brukar kjoledesign som kunstnarisk uttrykksform. Feminint og romantisk, men samtidig hulderaktig og eventyrlig. Judith brukar ofte antikke viktorianske stoff, som ho kjøper på reiser, men ho lager også mange av stoffa sine sjølv. I år satsar ho på fjær og silke. Eksklusivitet og det ’lille ekstra’ er viktige faktorar, og ho ynskjer å få fram individet til kvar einskild kunde. Kjøper du ein av hennar kreasjonar blir du den einaste som har denne. Ho designar nemlig berre ein av kvar. Kreasjonane blir skapte og produserte på Sunnmøre, og det er viktig for kunstnaren. Ho utviklar stadig ny design og nye teknikkar, og stortrivst i atelieret på Vatne i Haram kommune. Judith er lidenskapleg oppteken av gamle Hollywood-filmar og vill, vakker sunnmørsnatur. Slikt blir det kunst av.

Vi håper at akkurat du har lyst å dele kvelden med oss på Kunsthuset i Ørsta sentrum komande fredagskveld. Det blir nydeleg song og gitarspel av Peter Magnus Berg og servering av Judith-pynta damer. Hjarteleg velkomen skal du vere!

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s