Perspektiv – elevutstilling KDA Volda vgs

Kunst, design og arkitekturlinja (KDA) ved Volda vgs, viser utstillinga «Perspektiv» på Kunsthuset i Ørsta, 8. – 15.mars 2025. Dette er tredje året elevane viser fram det dei har jobba med gjennom tre år på skulen. OPNINGSTIDERLaurdag 08. mars kl 13.00 -16.00 Opning med musikalsk innslag og forfriskningar. Tysdag 11. mars til og med laurdag…

Minneutstilling Helge Krøvel-Velle

22.02. – 01.03.2025 22. februar-1. mars er det minneutstilling for Helge Jarle Krøvel-Velle (1945-1975). Han var grafikar og kunstnar frå Ørsta, med base i Bergen, på starten av 70-talet. Dei grafiske arbeida hans har tema som var dagsaktuelle då, og som også i stor grad er aktuelle i 2025. Mykje av tematikken i bilda er…

Kunstglede for alle sansar

Fredag 14.februar kl. 19.00, arrangerer Volda og Ørsta kunstlag ein triveleg kveld på kunsthuset i Ørsta, Jertrud Eikås har utstilling på kunsthuset no, og ho er til stades denne kvelden og fortel om arbeidet og bileta ho stiller ho ut. Kyrre Grimstad og Børre Lødemel vil underhalde med song og musikk, og det blir småbord,…

Boksamtale om Edvard Munch

Forfattar Ivo De Figueiredo kjem til Kunsthuset i Ørsta fredag 31.01.25 kl. 18.00. Edvard Munch er ein av modernismen sine viktigaste kunstnarar. Ivo De Figueiredo har skrive biografien «Stormen», utgitt i 2024. Forfattaren er ein av våre mest kjende sakprosaforfattarar, med eit forfattarskap med vidt spenn. Munch sitt liv var både rikt, kaotisk og med…

Jertrud Eikås – «In progress». 24.01.-15.02.25

Maleri og grafikk. Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 24.januar – 15.februar 2025. Fyrstikkpikene er tilbake i Ørsta! Opning fredag 24.januar – frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne! «In progress» er tittelen på Jertrud Eikås si utstilling på Kunsthuset i Ørsta. Eikås er fødd og oppvaksen i Nordfjord, men flytta…

Terje Fagermo – «Dagbok»

Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 22.november – 7.desember 2024 Opning fredag 22.11.24 – frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne! Fotograf: Anne Marthe Berge«Dagbok» er tittelen på Fagermo si utstilling i Ørsta. Her viser kunstnaren nye maleri produsert dei to siste åra, spesielt for utstillinga på Kunsthuset i Ørsta, som…

Kjell Idar Saure – maleri

Salsutstilling på Kunsthuset i Ørsta, 18.10 – 9.11.2024 Opning fredag 18.10. Frå 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag, fredag, laurdag 12-16 Fri inngang. Velkomne!

Alexander Stub – salsutstilling

Kunsthuset i Ørsta 13.september – 5. oktober 2024. Kunstnaren er til stades under opninga, fredag 13.september kl. 18.00. Alexander Stub er fødd i Bergen (1978). Han hadde si første separatutstilling så tidleg som 1994. Etter utdanning på Kunstskolen i Bergen, hospiterte han to år på eit grafisk verksted. Frå 2004 har han jobbai som kunstnar/grafiker…

Sommarutstillinga 2024

Laurdag 6. juli opnar Volda og Ørsta kunstlag Sommarutstillinga 2024. I år bidreg dei tre dyktige kunstnarane Bjørn Hessen, Lena Bratteberg og Monica Vermeer til at første etasje på  Kunsthuset i Ørsta blir ein inspirerande og fargerik opplevingsarena for turistar og lokalbefolkning. Utstillinga heng oppe til laurdag 10. august.  Bjørn Hessen har bakgrunn som ishavsgast, fiskar og fjellmann. Inntrykka frå naturen gjev inspirasjon til verka hans, og stemningane og det skiftande vestlandsveret er tema.Kunsten hans…

Festspelutstilling

Dei nynorske festspela på Kunsthuset i Ørsta Damien Ajavon (damienajavon.com) er festspelkunstnar i 2024. Hen er fransk-amerikansk og stiller ut tekstilkunst. Ajavon fekk norske kunstforeningers debutantpris i 2023, og det er ei ære for Volda og Ørsta Kunstlag å få vise denne særskilde kunsten, og kunstnaren, til publikum her på Sunnmøre. Opningstider under dei nynorske…