Mathis Nango – akryl og olje

Mathis Nango frå Volda/Finnmark stiller ut flotte og fargerike akryl/oljemaleri i Kunsthuset i Ørsta, 16.september – 7.oktober. Opningstider: 12.00 – 17.00 kvar torsdag, fredag og laurdag.

Sommar-utstilling 15.juli – 28.august 2016

7 damer stiller ut bilete på sommarutstillinga på Kunsthuset i år. Mange ulike bilete i ulike teknikkar utført av 7 kunstarar, dannar ein heilskap i denne utstillinga. Utstillarar: Synnøve Nupen Yngvil Birkeland Ingrid Brett Tove Stavem Reite Inger Øyehaug Årflot Gry Løvold Reidun Øverås

Ole Lislerud – 23.juni – 3.juli 2016

I samarbeid med Dei nynorske Festspela, held Ole Lislerud utstilling av Kalligrafi-verk på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga opnar 23.juni kl. 16.30 Opningstider: 24.-26.juni – kl. 11 – 17 27.juni – 3.juli kl. 12 – 17

Fargane rundt oss – 19.09 – 04.10.15

Laurdag 19.september opnar Volda og Ørsta Kunstlag salsutsilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstillarar er glaskunstnar Cornelia Roiha Skuggen og biletkunstnar Anne Hilde Baarøy Lystad. Dei utfyller kvarandre med sine fargesterke produkt og gler seg til å fylle Kunsthuset med fargane sine.

Fotoutstilling – Marta Lystad 29.08.15

29.august – 10.september 2015 Fotograf Marta Lystad Johansen i Ørsta arrangerer fotutstilling på kunsthuset i Ørsta med gamle fotografi av Olav Lystad (f.1906-d.1995). Marit Lystad Johansen har salsutstilling av kunst-/naturbilete i 1.etg.

Dukkekunstner Irina Maria Larsen

Med utstillingen til Alisa Kaufman vil det følge en dukke. Dukken vil stilles ut i forbindelse med et bildet av Kaufman, som har vært inspirasjonen til dukken. Dukkekunstner Irina Maria Larsen er født og oppvokst i byen Saratov i Russland. Hun er utdannet kunstlærer ved Saratov Kunsthøgskole, og jobbet i kultur- og barneskole og som…