Sommarutstillinga 2024

Laurdag 6. juli opnar Volda og Ørsta kunstlag Sommarutstillinga 2024. I år bidreg dei tre dyktige kunstnarane Bjørn Hessen, Lena Bratteberg og Monica Vermeer til at første etasje på  Kunsthuset i Ørsta blir ein inspirerande og fargerik opplevingsarena for turistar og lokalbefolkning. Utstillinga heng oppe til laurdag 10. august.  Bjørn Hessen har bakgrunn som ishavsgast, fiskar og fjellmann. Inntrykka frå naturen gjev inspirasjon til verka hans, og stemningane og det skiftande vestlandsveret er tema.Kunsten hans…

Festspelutstilling

Dei nynorske festspela på Kunsthuset i Ørsta Damien Ajavon (damienajavon.com) er festspelkunstnar i 2024. Hen er fransk-amerikansk og stiller ut tekstilkunst. Ajavon fekk norske kunstforeningers debutantpris i 2023, og det er ei ære for Volda og Ørsta Kunstlag å få vise denne særskilde kunsten, og kunstnaren, til publikum her på Sunnmøre. Opningstider under dei nynorske…

Astri Eidseth Rygh – salsutstilling

Vi ynskjer multikunstnaren Astri Eidseth Rygh hjarteleg velkomen til Kunsthuset i Ørsta, der verka hennar, både grafikk og måleri, vil bli presenterte for publikum i perioden frå fredag 3. til laurdag 25. mai. Opninga blir fredag ettermiddag, kl 18, med kunstnaren til stades og musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising…

Jan Baker, grafikk

Fredag 5.april kl 18.00 – 20.00 opnar Volda og Ørsta kunstlag utstilling med den kjende malaren, grafikaren og materialkunstnaren Jan Baker Utstillinga varer frå 5.april til 27.april, og har følgjande opningstider: Baker er fødd i 1939 i Stange, og er framleis ein aktiv og særs spesiell kunstnar. I samband med 85-årsjubileet, arrangerer han fleire store…

Påskeutstilling på Kunsthuset i Ørsta

5 lokale kunstnarar viser fram kunsten sin på Kunsthuset i Ørsta frå onsdag 20.mars til onsdag 27.mars. Utstillingsopning: onsdag 20.mars kl. 18.00 – 20.00. Opningstider: torsdag 14.00- 18,.00, fredag, laurdag, mandag, tysdag 12.00 – 16.00, onsdag 12.00 – 14.00 Eivind Krøvel Farstad, teikning Bente Ørsal, maleri Bente nerbøvik, maleri Synneve Busengdal, maleri Aase-Elise Castberg, maleri

Blikkfang

Vårshow med kunst, design og arkitektur (KDA) ved Volda vidaregåande skule. Fjorårets show vart ein suksess. KDA gjentek arrangementet med nye arbeid, og opnar dørene til den andre store utstillinga laurdag 9.mars 2024 kl. 13. Utstillinga vil vise størsteparten av det elevane ved programfager Kunst, design og akritektur ved Volda vgs arbeider med gjennom tre…

Astrid Runde Saxegaard

Avantgarde portretter Utstilling på Kunsthuset i Ørsta, 17.november til 8.desember 2023. Kunstnaren jobbar i hovudsak med tekstil, i det utvida begrepet av tekstilkunst i samtidskunsten. Prosjektet som blir vist i Ørsta, skal utforske den kunstneriske tradisjonen med portrett, ved å vise ulike faser i eit liv, identitet og livssituasjonar. Astrid Runde Saxegaard er fødd i…

Robert Steinnes og Guro Konstanse Frønsdal

Fredag 13.oktober opnar Robert Steinnes ny utstilling på Kunsthuset i Ørsta, med måleri og digitalt utarbeidde grafiske bilete. Utstillinga er i samarbeid med Guro Konstanse Frønsdal, som arbeider med skulpturar og innstallasjonar. Robert har saman med Guro arbeidd med eit prosjekt som handlar om utanforskap og det å høyre til. Guro studerer Kunst, design og…

Ragnhild Søvik på Kunsthuset i Ørsta

Ragnhild Søvik arbeider med maleri og grafikk, og på kunsthuset i Ørsta stiller ho ut grafiske verk. I dei grafiske arbeida kombinerer ho elektroniske verktøy og taktile handbaserte metoder. Arbeida blir trykte digitalt på papir frå Hahnemuhle. Trykka kjem i lave opplag (8) der kvart blad er individuelt bearbeidd og unikt. Søvik bur og arbeider…