Gjer deg klar til fargefest! Vi er glade for å kunne presentere kunstnarane Jon Håtun (Jono El Grande) og Ingunn Birkeland i Kunsthuset i Ørsta. På utstillinga får du sjå korleis Birkeland sine fantastiske tekstilarbeid spelar på lag med Håtun sine fascinerande og detaljerte måleri. Det vert ei utstilling prega av høg handverksmessig presisjon og…
Forfatter: kunsthusetiorsta
SPOR – Elevutstilling 14. – 21. mars 2026
Laurdag 14. mars 2026, opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga har tittelen SPOR, og det er elevar ved programfaget kunst, design og arkitektur, KDA, ved Volda vidaregåande skule som stiller. Utstillinga vil vise størsteparten av det elevane arbeider med. Elevane vil vere til stades på opningsdagen 14. mars og laurdag 21. mars….
Roger Wagland – salsutstilling 6. – 28. februar 2026
Volda og Ørsta Kunstlag er i gang med eit nytt år med utstillingar og annan aktivitet i Kunsthuset i Ørsta. Den første utstillinga opnar fredag 6. februar, og det er Roger Wagland som stiller ut maleri, digitrykk og skulptur. Wagland arbeider med ulike kunstuttrykk som bildekunst, musikk, skulptur, installasjon, foto, video/film. Han har kunstutdanning frå…
Elisabeth Werp – Salsutstilling 21. november – 13. desember 2025
Elisabeth Werp skal stille ut maleri og grafikk i Kunsthuset i Ørsta – frå 21. november til 13. desember 2025. Elisabeth Werp har utvikla ein eigen stil som er lett å kjenne att. Ho kombinerer tekniske grep og symbolbruk på ein måte som gjer at uttrykket verkar samanhengande og organisk. Motiva hennar er symbolske og…
«Bortkasta tid» – Utstilling 6.-15. november 2025
I høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, medan alternative visningsarenaer, ikkje gir same utteljing. Institutt for design, kunst og handverk (DKH) ved Høgskulen i Volda har derfor valt å prioritere utøvande og skapande arbeid det siste året. Målet har vore å utvikle den praktiske kompetansen til undervisarane. Dei tilsette ved instituttet…
Utstilling 3. – 25. oktober 2025, «Spikk, trykk, tredd tråd – og den arva vegen»
Fredag 3. oktober 2025 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Denne gongen er det Gerd Endestad, frå Bryggja og Karen-Merete Bruland, frå Kjølsdalen som stiller ut. Utstillingsprosjektet deira har kome til gjennom samtalar dei har hatt om det dei kvar for seg arbeider med. Samtalane har gitt inspirasjon til deira konkrete, individuelle kunstnarlege…
Sal av kunst, 18. – 20. september 2025
Torsdag, fredag og laurdag, 18. -20. september, vert det sal av kunst i regi av Volda og Ørsta Kunstlag. Kunstlaget sel eigen kunst og kunst i kommisjonssal. Siste åra har Volda og Ørsta kunstlag valt å selje noko av kunsten som laget eig. Det gjer kunstlaget for å dekkje kostnader og vedlikehald av Kunsthuset i…
Popup-utstilling – Håkon Bleken mfl. 21.-24. august 2025
Torsdag 21. august opnar gallerist og Håkon Bleken-kjennar, Svein Erik Bakken, popup-utstilling på Kunsthuset i Ørsta. I tillegg til Bleken-grafikk, inneheld utstillinga små vakre skulpturar i bronse av Kirsten Kokkin, og skråblikkbilde av kunstnaren, Mali Anette Hoel Håkon Bleken er ein av dei aller fremste norske samtidskunstnarane. Kanskje den største. Gjennom nesten heile etterkrigstida har…
Sommarutstilling 2025
Volda og Ørsta kunstlag held tradisjonen med sommarutstilling ved like. Denne sommaren er det kunstverk av Antje Meier, Sonja Reite og Astri Eidseth Rygh vi får sjå i Kunsthuset i Ørsta, i perioden 11. juli til og med 16. august. Antje Meier er fødd og oppvaksen i Tyskland, og bur i Volda. Antje er lidenskapleg…
Festspelutstilling med Gunilla Holm Platou
Velkomen til opning av årets festspelutstilling. Årets festspelkunstnar for 2025 er Gunilla Holm Platou. Utstillinga opnar torsdag 12. juni på Kunsthuset. Kunstnaren vil vere til stades under opninga. Motivkrinsen i Gunilla Holm Platou sine bilete er ofte dyr og skapningar av ulike slag. Bileta er leikne, men ber òg ofte i seg eit viktig tema:…
