Gjer deg klar til fargefest!
Vi er glade for å kunne presentere kunstnarane Jon Håtun (Jono El Grande) og Ingunn Birkeland i Kunsthuset i Ørsta.
På utstillinga får du sjå korleis Birkeland sine fantastiske tekstilarbeid spelar på lag med Håtun sine fascinerande og detaljerte måleri. Det vert ei utstilling prega av høg handverksmessig presisjon og uredd bruk av fargar.

Utstillinga opnar fredag 10. april kl. 18 (ope til 20). Kunstnarane vert til stades under opninga, der vi også får høyre musikk signert Jon Håtun.
Utstillinga står til og med laurdag 2. mai 2026.
Opningstidene er: torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12 – 16
Dette vert ei feiande flott utstilling!
