Volda og Ørsta Kunstlag er i gang med eit nytt år med utstillingar og annan aktivitet i Kunsthuset i Ørsta. Den første utstillinga opnar fredag 6. februar, og det er Roger Wagland som stiller ut maleri, digitrykk og skulptur.
Wagland arbeider med ulike kunstuttrykk som bildekunst, musikk, skulptur, installasjon, foto, video/film. Han har kunstutdanning frå Voss kunst- og handverkskule og Oslo tegne- og maleskole. Den første separatutstillinga hadde han i Ulstein kunstlag i 1996. Sidan har han hatt fleire separatutstillingar, delteke på ei rekke kollektivutstillingar og har hatt mange andre kunstoppdrag.

Wagland er fødd i Sheffield i England, flytta til Norge i 1978 og bur på Hareid. Han har elles budd i Skottland, Tyskland og Botswana, og møte med menneske og kulturar er ei stor inspirasjonskjelde for han. Kunsten hans reflekterer tankar og kjensler og gir uttrykk for korleis han opplever livet. Inspirasjonen får han frå kvardagslivet, naturen, politikk, religion, livssyn og mennesket sitt mangfald av lyster og draumar. Wagland omtalar seg sjølv som ein filosofisk romantikar, som gjerne vil erstatte alle våpen med penslar og musikkinstrument. Fleire av bildemotiva er henta frå indre landskap, og viser ulike stemningar og refleksjonar, ofte med ein humoristisk undertone.

Wagland er ein allsidig kunstnar, og går gjerne på tvers av tradisjonelle liner for å uttrykke seg. Dei siste åra har han for det meste konsentrert seg om bildekunst. Han bruker fleire ulike teknikkar, og eksperimenterer med både olje, akryl og akvarell.
Han ser på det å vere kunstnar som ein psykisk tilstand. Når ein er kunstnar, oppfattar ein verda på ein spesiell måte, seier Wagland. Korleis det kjem til uttrykk, får vi sjå på utstillinga som opnar fredag 6. februar kl. 18.00. Roger Wagland er til stades under opninga, der han også står for det musikalske innslaget. Utstillinga står til og med laurdag 28. februar 2026.
Velkomne til Kunsthuset i Ørsta!
