Elisabeth Werp skal stille ut maleri og grafikk i Kunsthuset i Ørsta – frå 21. november til 13. desember 2025.

Elisabeth Werp har utvikla ein eigen stil som er lett å kjenne att. Ho kombinerer tekniske grep og symbolbruk på ein måte som gjer at uttrykket verkar samanhengande og organisk. Motiva hennar er symbolske og figurative, samtidig som dei har eit sterkt abstrakt innhald.
Bilda til Werp handlar ofte om lengsel, melankoli og om kjensla av å vere åleine. Ho utforskar einsemd og kontrasten mellom det skjøre og det sterke – der det skjøre viser til dei små skilja mellom liv og død, sorg og glede, kjærleik og avmakt. For henne er det kort veg mellom slike motsetningar. Den symbolske djupna i maleria blir forsterka av den avanserte teknikken, der ho bygger opp mange lag med materiale som kolstift, maling, tempera, oske, marmorstøv, bly, sink og metallstøv.
Werp er utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole og Statens Kunstakademi. Ho har vore aktiv i norsk kunstliv sidan si første separatutstilling i 1991, og har stilt ut ved viktige institusjonar som Kunstnerforbundet, Høstutstillingen og Henie Onstad Kunstsenter. I 2013 vart ho invitert til å skape litografiar og maleri med utgangspunkt i Ibsens drama Et Dukkehjem. I denne «Ibsenserien» tok Werp tak i korleis barna opplevde Noras fråvær, og stilte spørsmål ved om all frigjering er udelt positivt.
Dei seinare åra har Werp hatt fleire store utstillingar i utlandet, mellom anna i Paris, London, Miami og Seattle. Kunstkritikaren Matthew Kangas, frå magasinet Art in America, uttalte at Werp fører dei sterkaste retningane i norsk kunst vidare i hennar eigen rike og komplekse versjon av symbolsk realisme.
Utstillinga opnar fredag 21. november kl. 18 (ope til 20).
Opningstider i utstillingsperioden er torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16.
Velkomne til utstilling i Kunsthuset i Ørsta!
