«Bortkasta tid» – Utstilling 6.-15. november 2025

I høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, medan alternative visningsarenaer, ikkje gir same utteljing. Institutt for design, kunst og handverk (DKH) ved Høgskulen i Volda har derfor valt å prioritere utøvande og skapande arbeid det siste året. Målet har vore å utvikle den praktiske kompetansen til undervisarane. Dei tilsette ved instituttet har systematisk rettleidd kvarandre sine kunst-hand-verk, med mål om å utvikle sine eigne praksisar som undervisarar. Gjengen har vore samla kvar månad. Dei har filma seg sjølve, stilt spørsmål, gitt råd, og drøfta måtar og metodar ein rettleiar kunst-hand-verk på.

Resultatet av arbeidet er utstillinga «Bortkasta tid», som vi no får sjå i Kunsthuset i Ørsta. Tittelen formidlar eit ønske om å utfordre ein tradisjonell vitskapleg praksis, som i mange år har prega utviklinga av kunstfaga i lærarutdanning. Dei som bidreg i utstillinga er Karen Brænne (teikning), Janne Heggvoll (foto og teikning), Knut Einar Lillebø-Voll (keramikkskulptur), Rita Slotterøy (maleri), Robert Steinnes (treskulptur) og Cathrine Yksnøy (tekstilinstallasjon).

Teikning av utstillarane (teikna av Robert Steinnes)

Utstillinga opnar torsdag 6. november klokka 18.00 (ope til 20.00).

Elles er utstilling opa:

Fredag 7. november kl. 12-18 (det er Lysfest i Ørsta denne dagen)

Laurdag 8.november kl. 12-16

Torsdag 13., fredag 14. og laurdag 15. november kl. 12-16

Kunstnarane vil vere til stades på opninga, som også byr på musikalsk innslag.

Det er ei relativt kortvarig utstilling, så det gjeld å kome seg av garde i tide.

Volda og Ørsta Kunstlag set stor pris på å få vere vertskap for utstillinga «Bortkasta tid»,  og alle er hjarteleg velkomne til Kunsthuset i Ørsta!

Legg igjen en kommentar