
Fredag 3. oktober 2025 opnar ei ny utstilling i Kunsthuset i Ørsta. Denne gongen er det Gerd Endestad, frå Bryggja og Karen-Merete Bruland, frå Kjølsdalen som stiller ut. Utstillingsprosjektet deira har kome til gjennom samtalar dei har hatt om det dei kvar for seg arbeider med. Samtalane har gitt inspirasjon til deira konkrete, individuelle kunstnarlege arbeid, som no er samla i utstillinga «Spikk, trykk, tredd tråd – og den arva vegen».
Frå barnsbein av har Gerd Endestad spikka småfigurarar og samla ting frå naturen. Dei siste tiåra er det tresnitt og fotografi som har vore hennar kunstnarlege uttrykksform. Arbeida er oftast abstrakte, der form, flate og rom er viktig. På denne utstillinga får vi sjå tresnitt og skulpturar i tre.
Karen-Merete Bruland har teikna, mala og forma så lenge ho kan hugse. Til liks med Gerd, har ho samla på småtteri ho finn i naturen. Lenge var det maling på store lerret ho heldt mest på med. No arbeider ho også med tre, papir, tekstil, metall og stein. Endåtil brukte kaffifilter er tilfang i kunstverka hennar.

Bruland og Endestad har fleire separatutstillingar, gruppeutstillingar og kollektivutstillingar bak seg. På utstillinga i Volda og Ørsta Kunstlag får vi sjå arbeid i tremateriale, tekstil/papir, tresnitt og maleri. Dei fleste verka er laga med tanke på denne utstillinga, og det meste er til sals. Dette vert ei spennande utstilling, både i form og innhald.
Utstillingsperioden er 3. – 25. oktober 2025. Fredag 3. oktober er det ope kl. 18-20, elles ope torsdagar, fredagar og laurdagar kl. 12-16. Velkomne til Kunsthuset i Ørsta!
